Fagstoff

Eukarya – soppriket (Fungi)

Publisert: 07.03.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Fluesopp

Sopp var tidlegare plassert saman med plantane i planteriket. Seinare blei dei tekne ut av planteriket og plasserte i eit eige rike som fekk namnet soppriket (Fungi). Årsaka var at sopp manglar klorofyll og derfor ikkje kan byggje energirike samband sjølve ved hjelp av sollyset gjennom fotosyntese.

Bilde av den gule matsoppen kantarellKantarell er ein av dei mest ettertrakta matsoppane.
Fotograf: Kristin Bøhle
  

 

Kartlav på steinKartlav høyrer til gruppa skorpelav og veks på stein. Mønsteret som blir danna, liknar "kartbilete".
Fotograf: Tom Schandy
      

 

Bilde av en heksering dannet av soppmycel.Heksering. Blir danna når fruktlekamen veks over bakken etter kvart som soppmycelet spreier seg utover.
Fotograf: Onderwijsgek
 

Både lik og ulik plantar

Sopp er eukaryote organismar som tidlegare blei plasserte saman med plantane. Sopp og plantar har fellestrekk som formeiring med sporar og at dei er fastsitjande (urørlege). Soppane har òg cellevegg, men han består av kitin og ikkje cellulose som hos plantane. Seinare blei soppane plasserte i eit eige rike sidan soppane ikkje kunne ”lage” si eiga næring fordi dei manglar klorofyll.

Sopp - heterotrofe organismer

Soppane er heterotrofeOrganismar som er avhengige av å ta opp energisamband som andre organismar har laga. sidan dei må ta opp organiske forbindelsar via andre organismar. Mange av soppane skaffar seg næring frå nedbryting av daude plantar eller ved å leve i symbiose med andre organismar. Dei tek opp flytande næring ved diffusjon gjennom den ytre overflata sidan fordøyinga skjer på utsida av kroppen.

Utanom at sopp er heterotrofe slik som dyra, har dei òg andre fellestrekk med dyr. Både sopp og dyr har glykogen og feitt som opplagsnæring og aldri stivelse som hos plantane.

Inndeling av sopp

Somme av soppane er nyttige for menneske, som matsoppen kantarell, men det finst òg skadesoppar, som muggsopp. Dei fleste ekte soppane høyrer til rekkjene sekksporesopp, stilksporesopp og koplingssopp (kulemuggsopp).

Lav (uekte soppar)

Lav (uekte soppar) blir til tider plasserte inn under soppriket sjølv om det består av fleire organismar frå ulike rike. Grunnen til denne plasseringa er at lav alltid består av sopp som hovudkomponent, men denne lever i symbiose med grønalgar eller cyanobakteriar. Lav blir delt inn i tre hovudgrupper basert på korleis dei veks. Dei tre gruppene er busklav (f.eks. reinlav), bladlav (f.eks. neverlav) og skorpelav (f.eks. kartlav).