Fagstoff

Eukarya – planteriket (Plantae)

Publisert: 07.03.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Blåveis

Plantane var dei første eukaryote organismane som erobra landjorda. Hovudårsaka til at plantane har hatt slik suksess, er at dei skaffar seg energirike samband ved å utnytte sollyset. Denne utviklinga gjorde at plantane la grunnlaget for at dyra kunne lykkast på jorda ved å gi dei mat, oksygen og ly.

Mange ulike blomster på en blomstereng.Blomstereng med ulike fargar og former.
Fotograf: Kristin Bøhle
Mikrobilde av kloroplast hos fagermose.Mikrobilete av kloroplast frå fagermose. Kvart kloroplast er ca. 0,003 mm i diameter.
Fotograf: Alf Jacob Nilsen

Fellestrekk for plantane

Plantar er fleircella, eukaryote organismar. Plantane er relativt komplekse i form og utsjånad. Dei aller fleste plantane er autotrofe. Dei har organellen kloroplast som gjer det mogleg å nytte lysenergi til å binde kjemisk energi gjennom fotosyntesen. Opplagsnæringa til plantar er stivelse.

Plantane har i motsetnad til dyr ein cellevegg som består av cellulose. Saman med vakuolane utgjer celleveggen reisverket til planten.

 

Inndeling av landplantane

Landplantane blir fordelte på dei to systematiske gruppene karplantar og mosar. Det som hovudsakleg skil karplantane frå mosane, er at dei har velutvikla transportsystem (karsystem) og ekte røter.

Karplantegruppene, nakenfrøa og dekkfrøa, formeirar seg med frø, mens dei resterande nyttar sporar.

Oversikt over landplantenes utviklingPlanteriket (slektstre for landplantar). Viser dei viktigaste utviklingstrekka hos landplantane.
Opphavsmann: Kristin Bøhle
  

 

 

Mangfold av alger i eksponert fjære.Eit mangfald av grøne, brune og raude algar i eksponert fjære.
Fotograf: Alf Jacob Nilsen
  

Alle plantar som formeirar seg kjønna, har generasjonsveksling, der dei vekslar mellom ein haploid og ein diploid fase. Men det er fleire landplantar som formeirar seg ukjønna ved yngleknoppar, utløparar eller frøsetjing utan befrukting.

Algar ofte inkluderte i planteriket

Algar (Algea) er ei gruppe vasslevande organismar som både kan vere eincella og fleircella. Algane blei tidlegare plasserte i det oppløyste protistriket, men raudalgar, brunalgar og grønalgar blir i dag gjerne plasserte i planteriket på grunn av at dei er fotosyntetiserande. Dei fleircella algane formeirar seg på mange måtar, men dei har generelt ingen strukturar som vernar formeiringsorgana på same måten som vi finn hos landplantane som treng vern mot uttørking.