Oppgåve: Yrkessituasjon

Pirsing i ansiktet

Publisert: 03.03.2012, Oppdatert: 08.06.2016
Piercing

Klokka 8.00 kjem Jørgen og Abida på jobb. Dei er begge elevar på Vg2 helsearbeidarfag. No skal dei ha tre veker med opplæring ved Solsikka Sjukeheim. Denne opplæringa er knytt til faget yrkesfagleg fordjuping.

Jørgen har fleire pirsingar i ansiktet, og styraren har bede han om å ta ut smykka medan han er på arbeid. Ho har sagt det er hygieniske grunnar til det.

Mary ser at Jørgen framleis har pirsingsmykka på, og spør om han ikkje skal ta dei ut.

Jørgen svarer:
«Eg synest det er urettferdig, for mange av dykk har øyredobbar og ringar på dykk. Eg har søkt på nettet, og eg finn ingen dokumentasjon på at pirsingsmykke er meir smittefarlege enn øyredobbar.
Eg har også vore på nettet og spurt på ei helseside der, og dei meiner eg har rett i dette.»

Abida bryt inn og seier:
Du bør jo uansett ta dei ut når sjefen din ber deg om det?»
Lag eit rollespel der éin er Mary, éin er Abida og éin er Jørgen. Hald fram diskusjonen.

 

Relatert innhald