Fagstoff

Prokaryote og eukaryote celler

Publisert: 14.02.2012, Oppdatert: 01.08.2017
Makrofager angriper E. coli-bakterier

Celler er små sjølvstendige einingar som kan ta opp næring, drive celleanding og skilje ut avfallsstoff. Dei er så små at dei blir målte i mikrometer, men kan likevel produsere protein, formeire seg og kommunisere med omverda. Alle desse eigenskapane er kjenneteikn på liv og blir kalla livsprosessar.
Celler er tilpassa ulike miljø og oppgåver. Dei kan derfor vere svært forskjellige, men likevel ha dei same grunnleggjande funksjonane og strukturane.

Utsnitt av starten på evolusjonstreet.Interaktivt evolusjonstre. 

[eu-] = "ekte"
[pro-] = "før"
[karyon] = "kjerne" 

 

Bildemontasje med seks ulike bakterier.Arkebakteriar og eubakteriar.  

Prokaryoter1:

  • Bakteriar (Bacteria, Eubacteria)
  • Arkebakteriar (Archaea)

Eukaryoter:

  • Protistar (Protista)
  • Planteriket (Plantae)
  • Soppriket (Fungi)
  • Dyreriket (Animalia)

 

Video uten tale, som viser organellene i en celle.Video som presenterer organellane i eukaryote celler. 

Animasjoner og oppgaver om celler.Vitenobjekt om celler. Animasjonar og oppgåver.

Prokaryote og eukaryote celler

Celler blir sorterte i to hovudtypar: prokaryote og eukaryote celler. Alle fleircella organismar er eukaryote, men begge celletypane finst som eincella organismar.


Prokaryote celler

Dei første livsformene som oppstod på jorda for cirka 4 milliardar år sidan, var prokaryote celler. Prokaryotane omfattar Tegning av indre og ytre struktur i en bakterie.Bakterie, generell struktur.ekte bakteriar (eubakteriar) og arkebakteriar (arkar). Dei er enkle eincella organismar utan cellekjerne og har berre eit ringforma kromosom med nake DNA. Prokaryote celler har mindre ribosomar og manglar organellar som mitokondrie og kloroplastar. Bakteriane har cellevegg, men han er verken lik celleveggene hos plantar eller hos sopp. Somme bakteriar har òg enkle flagellar som dei kan bevege seg med.2 

Eukaryote celler

Eukaryote celler er grunneininga i protistar, plantar, dyr og sopp, både fleircella og eincella. Med andre ord er alle livsformer unnateke Fargerikt bilde av en åpen eucaryot celle.Snitt av eukaryot celle.eubakteriar og arkar eukaryote. Eukaryote celler har cellekjerne med kromosom som blir stavforma under delinga. Dei eukaryote cellene har mitokondrie og fleire andre organellar som er omslutta av membranar. Eukaryotane har større ribosomar enn prokaryotane. Dei kan òg ha fleksible flagellar slik som flimmerhår og sædcellehalar.

Visste du at:

eukaryote celler blei danna ved symbiose?

Endosymbioseteorien3 forklarer korleis eukaryote celler oppstod ved symbiose mellom ulike prokaryote organismar (bakteriar). DNA-analysar viser at mitokondrie og kloroplastar har opphavet sitt i eubakteriar. For eksempel er kloroplastane i slekt med dei frittlevande blågrønbakteriane (cyanobakteriane). DNA i ribosomar og kjerne liknar meir på det vi finn i arkebakteriar. 


vi har flest prokaryote celler i kroppen?

I ein menneskekropp er det cirka ti gonger fleire bakterieceller enn menneskeceller4. Bakteriane er svært små samanlikna med kroppscellene, og vi går ut frå at bakteriane utgjer ein til to kilo av kroppsvekta vår. Dei fleste bakteriane er nyttige for oss og finst hovudsakleg på huda og i endetarmen.5

Oppgåver
Relatert innhald