Når du skal halde ein presentasjon for eit publikum som ikkje kjenner deg godt frå før, er førsteinntrykket svært viktig.
Du får berre éin sjanse til å gjere eit godt førsteinntrykk. Endå det kan verke urettferdig, er det eit faktum at måten du kler deg på, snakkar og skikkar deg, påverkar oppfatninga til andre av bodskapen du skal presentere.
Dersom publikum får eit godt inntrykk av deg, er det større sjanse for at dei også er positive til bodskapen din.
Viktig for førsteinntrykket
- Kom presis.
- Ver godt budd og pass på at du har med deg alt du treng til presentasjonen.
- Tenk på kven du skal presentere for, og kva dei forventar, når du vel kleda som du skal ha på deg.
- Fortel kven du er, kvar du kjem frå, og kva presentasjonen din handlar om.
- Snakk roleg og tydeleg slik at alle høyrer og forstår det du seier.
- Sjå på publikum når du snakkar, slik at dei føler at dei har augekontakt med deg.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 07.12.2017