Fagstoff

Feltrapporten

Publisert: 07.02.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Feltarbeid

Feltarbeid er ein viktig del av læreplanen, og mange av læreplanmåla i biologi kan knytast til feltarbeidet og til feltrapporten. Som ”unge biologar” skal de lære å formidle observasjonane dykkar til andre slik at dei kan byggje vidare på det de har funne ut. Feltrapporten summerer opp feltarbeidet dykkar, og det er ein god idé å formidle innhaldet i han til klassen gjennom eit føredrag eller på ei nettside (Wiki) slik at fleire kan få sjå kva de har jobba med.

To ungdommer sitter på huk og jobber med registreringer.Innsamling av data, dokumentasjon og vurderingar er ein del av feltarbeidet. Grunnlaget for ein god rapport blir lagt her.
Fotograf: Kristin Bøhle
   


Fordel arbeidet mellom medlemmene i gruppa!

 

 

To personer som måler og registrerer yngel.Registrering av lakseyngel. Nøyaktige notat gir grunnlag for ein god rapport.
Fotograf: Kristin Bøhle
      

 

Arbeid med resultata mens de har dei ferskt i minnet.

 

En elev tar nærbilde av en plante.Gå nært innpå motivet, det gir ofte fantastiske bilete.
Fotograf: Alf Jacob Nilsen
     

Gjer rapporten oversiktleg.

 

Nærbilde av en plante.Bilete som dette gir lesaren eit godt inntrykk av kva de såg.
Fotograf: Alf Jacob Nilsen
   

 

 

No skriv ein rapportar på pc, og dei kan sendast digitalt. Om du i tillegg  publiserer dei på ei nettside (for eksempel ein Wiki eller blogg), kan fleire få tilgjenge til han.  Slik deling av ressurser fører ofte til mykje positiv respons og interessante faglege kommentarar.

 

 

 

Film frå feltarbeid.

 

Kvifor lage feltrapport?

Dokumentasjon og publisering er ein viktig og nødvendig del av alt biologisk arbeid. Arbeid med feltrapporten gir deg trening i å formulere deg fagleg korrekt. Du skal dokumentere observasjonane og funna dine frå feltarbeidet og formidle dette til andre.

Gjennom denne prosessen kan du nå fleire av kompetansemåla i biologi. Til eksamen må du rekne med å gjere greie for innsamlingsmetodar og drøftingar av resultat frå det miljøet som klassen din har jobba i, og då blir feltrapporten svært nyttig lesestoff.

Før feltarbeidet

I feltarbeidet arbeider du som regel i ei lita gruppe som har ei eller fleire oppgåver å løyse. Då er det viktig å kjenne godt til kva oppgåvene går ut på, slik at gruppa på førehand har planlagt kva som må gjerast i felten. les meir

Det kan ofte vere lurt å gi ein av gruppemedlemmene hovudansvaret for å ta notat og ein annan medlem hovudansvaret for å ta digitale bilete. Notatark, nødvendige skjema, skriveunderlag, blyantar, måleutstyr, luper, boksar og posar til å samle prøvar i, digitale kamera og utstyr som vernar mot regn, må vere klargjorde før feltarbeidet startar. Lag ei utstyrsliste på førehand som du kan sjekke mot før gruppa dreg av garde. skjul

 

Arbeid som blir gjort i felten

Under feltarbeidet er det svært viktig å ta gode notat. Det er lett å seie: Dette hugsar vi lett, men slik er det ikkje. Viktige detaljar går fort i gløymeboka. Feltnotata er derfor heilt avgjerande for ein god feltrapport. Det er òg viktig at du tek notat om innhaldet i oppgåvene. Notata kan for eksempel dreie seg om generelle observasjonar, artsregistreringar eller konkrete måleresultat. Bruk alltid blyant i felten, ha eit godt skriveunderlag, og ver førebudd på regn.

Ta mange bilete!

Det store utvalet vi har av digitale kamera i dag, har revolusjonert moglegheitene for dokumentasjon ute på feltarbeid. Digitale bilete er svært nyttige i rapportsamanheng og kan takast med digitale kamera eller med mobiltelefonar. Det kan vere lurt å ta mange bilete for sidan å plukke ut dei beste. Bileta vil berre fungere godt dersom dei heng direkte saman med feltoppgåvene, og når dei har ein eigen forklarande bilettekst.

Etterarbeid

Rett etter at feltarbeidet er gjennomført, er det lurt å setje seg saman i gruppa, gå gjennom notata, reinskrive og eventuelt tilføye moment ein har gløymt. Ta kopiar av digitale bilete og tekst, og ta godt vare på originalnotata! Fordel arbeidet i gruppa, men hugs at alle må kjenne til innhaldet i heile rapporten.

To elever sitter sammen og jobber med papirer og pc.To elevar arbeider med feltrapporten etter ein ekskursjon til fjellet.
Fotograf: Alf Jacob Nilsen
    

Den ferdige rapporten

  • Den ferdige feltrapporten kan vere lang eller kort, avhengig av kva feltarbeidet går ut på, og omfanget av dei enkelte feltoppgåvene. Forma på rapporten vil variere alt etter kva slags opplegg den enkelte skulen bruker.
  • Nokre gonger vil feltrapporten, eller delar av han, følgje malen for ein vitskapleg arbeidsmetode med mellom anna drøftingar av funn og resultat. Andre gonger vil feltrapporten vere meir beskrivande og/eller innehalde svar på opne eller konkrete oppgåver. Rapporten som ligg ved denne sida, er eit eksempel på ein slik type rapport  frå ein ekskursjon til fjellet i biologi 2.
  • Pass på at rapporten blir oversiktleg og ryddig. Lag ei ordentleg framside, og bruk gjerne innhaldsliste. Bruk eit språk som viser at du meistrar relevante biologiske uttrykk. Bilete og figurar må følgjast av passande undertekstar og referansar til fotograf/teiknar. Hugs at desse er verna av opphavsrett, og at du derfor ikkje fritt kan bruke dei dersom dei ikkje er frigitte til bruk.
  • Pass òg på at du alltid gir kjeldetilvisingar når du refererer til andre fagtekstar. Måleresultat og systematiske observasjonar kan oftast med fordel presenterast i tabellar. Tabellar og grafar bør ha tittel/undertekst, og dei bør nummererast slik at du kan vise til dei i teksten.

Publisering

Ein vitskapleg publikasjon eller ein rapport frå eit vitskapleg feltarbeid vil vanlegvis bli publisert i tidsskrifter. Ein feltrapport frå vidaregåande skule blir ikkje distribuert, men det er ein god idé å leggje rapporten fram for klassen, for eksempel ved at gruppa held eit føredrag der dei viktigaste funna i feltarbeidet til gruppa blir presentert med tilvisingar til rapporten.

Oppgåver