Hopp til innhald

Fagstoff

Å jobbe som reklamemedarbeidar

Å jobbe som reklamemedarbeidar handlar ikkje berre om å forstå og treffe ei målgruppe med eit nytt produkt. Det handlar også om følgje med på trendar, komme opp med idear, gode historier og presise bodskap som får forbrukarar til å drøyme.

Næringsmiddelprodusenten Lerøy gav reklamebyrået Reaktor oppdraget med å utarbeide reklame for det nye laksepålegget sitt. Det er reklamebyrået si oppgåve å få kundane til å forstå kvifor dei bør kjøpe nettopp dette produktet.

Når du jobbar i eit reklamebyrå, er det viktig å vere kreativ. Det betyr at du må vere open for å tenkje på ein helt ny måte. Men du må også ha tekniske ferdigheiter som gjer deg i stand til å omsetje ideane til eit godt reklameprodukt.

I denne filmen møter du medarbeidarar med ulike roller i reklamebransjen:

  • byråleiar
  • tekstforfattarar
  • grafiske designarar
  • filmprodusentar
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Innføring i marknadskommunikasjon