Fagstoff

Pianostemming og pianoteknikk

Publisert: 31.01.2012, Oppdatert: 04.03.2017
BBC Radio 3 Spirit of Schubert Season

Pianostemmaren reparerer, regulerer og utfører stemming av piano og flygel. Eit klaver består av mellom 10.000 og 12.000 ulike enkeltdelar i tre, filt, skinn, jern og andre materialar. Pianostemmaren må derfor ha gode materialkunnskapar for å velje og bruke materialar på ein korrekt måte. Pianostemmaren må også oppøve godt lag med fingrane, vere tolmodig, nøyaktig og ha teknisk sans.

God høyrsel og musikalsk gehør er ein heilt nødvendig føresetnad for å kunne utøve faget. Alle piano og flygel er ulike. Du må kunne vurdere eit instrument og feilsøkje det. Du må også kunne gjere raske kalkulasjonar for å gi eit prisoverslag til kunden. Det høyrer også med til pianostemmaren sin profesjon å kunne gi råd om plassering, klimaforhold i rommet og løpande vedlikehald av instrumentet.Gjennom pianoets 300-årige utvikling er pianostemmaren blitt ein uunnverleg, høgt spesialisert yrkesutøvar. Tidlegare var det vanleg at pianostemmarar blei opplærde og utdanna ved pianofabrikkane, men i 1970-åra blei det oppretta eiga linje for pianostemmarar ved Rud vidaregåande skole i Bærum. Opplæring av pianostemmarar er ein viktig føresetnad for bruk av piano og flygel i alle sjangrar i musikk- og kulturlivet.

nært intr pianoIntr. piano, ca 1900 (A. Jaschinsky)
Opphavsmann: Pko

Pianostemmaren reparerer, regulerer og utfører stemming av piano og flygel. Eit klaver består av mellom 10.000 og 12.000 ulike enkeltdelar i tre, filt, skinn, jern og andre materialar. Pianostemmaren må derfor ha gode materialkunnskapar for å velje og bruke materialar på ein korrekt måte. Pianostemmaren må også oppøve godt lag med fingrane, vere tolmodig, nøyaktig og ha teknisk sans.

God høyrsel og musikalsk gehør er ein heilt nødvendig føresetnad for å kunne utøve faget. Alle piano og flygel er ulike. Du må kunne vurdere eit instrument og feilsøkje det. Du må også kunne gjere raske kalkulasjonar for å gi eit prisoverslag til kunden. Det høyrer også med til pianostemmaren sin profesjon å kunne gi råd om plassering, klimaforhold i rommet og løpande vedlikehald av instrumentet.

Pianostemmer
Leverandør: NRK

 

Pianoteknikk omfatter forståing for mekanikkens funksjon. Forholdet mellom klang, speleart, materialar, reiskapar, teknikkar og funksjon står sentralt. Du skal lære å kontrollere, reparere og skifte ut delar i piano- og flygelmekanikkar og klaviatur, og i samband med det kunne bruke relevante faguttrykk i kommunikasjon med andre. Pianostemmaren må også kjenne til ulike eigenskapar ved og bruksområde for ulike limtypar og smøremiddel.


Yrket blir primært utøvt av sjølvstendige handverkarar, og oppdragsgjevarar er privatpersonar og institusjonar. Eit vanlig heimepiano bør stemmast minst ein gong i året. Instrument som er ofte i bruk treng oftare vedlikehald, og konsertflygel blir gjerne stemt før kvar einaste konsert. Mykje av utfordringa for ein pianostemmar er å balansere energien i instrumentet sitt strengespenn på mange tonn slik at stemminga held seg over lengre tid.

Etter Design og handverk Vg1 kan du ta utdanning i Pianostemming og pianoteknikk på skole Vg2, og deretter ytterlegare eitt år på skole Vg3. Alternativt kan du i eit tredje studieår ta påbygging til generell studiekompetanse.

Oppgåver

Aktuelt stoff

Relatert innhald