Fagstoff

Gåve- og interiørmessa på Lillestrøm (2011)

Publisert: 31.01.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Interiørdesign

I august 2011 drog vi saman med Yrkeslitteratur AS til Gave- og interiørmessen på Lillestrøm. Dette er ei lukka fagmesse med meir enn 500 utstillarar og eit omfattande seminarprogram. Her skal vi formidle nokre av dei viktigaste inntrykka frå messa.

Tenk mørk skog, mjuk mose, lun filt og røff strikk, skreiv fagbladet Gave & interiør i forkant av messa. Bakgrunnen var at det danske trendbyrået PEJ-gruppen hadde spådd at det kommande trendbildet vil innehalde element frå naturen og bestå av fire dominerande stilar:

Forest LifeForest 

1. Forest Life

Fargane:
 Grøne nyansar og djupe bruntonar i kombinasjon med gule og lysegrøne kontrastfargar. Inspirasjonen til fargesamansetjingane kjem frå fuglefjør, skogbotnen og tretoppane.
Stikkord:
•    Blad og fjør
•    Jordfargar
•    Skog og tretoppar
•    Fugle- og dyremotiv
•    Kamuflasjeprint

Modern NatureModern Nature    

2. Modern nature

 Fargane:
Varme nyansar av valnøtt, brunt og beige, dessutan kjøleg grå og kvit pregar skalaen. Pastellfargar og svart blir brukte i avgrensa omfang og totalinntrykket er elegant og harmonisk.
Stikkord:
•    Tre og årringar
•    Abstrakte mønster
•    Casual luksus
•    Geometriske former
•    Grått og kvitt

Delight decorDelight Decor 

3. Delight décor
 

 Fargane:
Raudt i alle variantar dominerer temaet. Fokuset er vakre raudtonar inspirerte av korall, papegøyar og flamingoar. Fiolett og mahogni blir brukte for å skape djupn og kontrast.
Stikkord:
•    Blomstrar og botanikk
•    Elegant vintage
•    Fuglar og fjør
•    Fiolett og mahogni
•    Fiolett og mahogni

Nordic cowboyNordic Cowboy 

4. Nordic cowboy

 Fargane:
Stilen er samansett av fargar frå dei andre tre tema. Fargeskalaen er kontrastfylt, med fargerike mønster og der det er mogeleg med mange kombinasjonar.
Stikkord:
•    Leik og humor
•    Mønstermiks
•    Strikk og folklore
•    Variert stilblanding

Ein rundtur i utstillinga

Men vi hadde  lagt opp vårt eige program på messa, og hadde først fått Simen til å vise oss litt rundt.

 
Leverandør: NRK

Møte med ein trendanalytikar

Vi hadde også ein avtale med Ståle Økland. Han er trendekspert i eit selskap han sjølv starta i 2007, Global Retail Trends. No reiser han verda rundt for å speide etter dei siste trendane. På reisene sine oppsøkjer han byar, bedrifter, forskingsmiljø og kreative menneske for å finne svaret på kva slags trendar som vil påverke oss i framtida innanfor område som handel, kultur, media, arbeidsmiljø, teknologi, shopping og byutvikling. Her er det han såg i krystallkula då han møtte oss på Lillestrøm:

Trendanalytiker
Leverandør: NRK

Møte med ein interiør-gründer

Mens Ståle Økland lever av å fortelje folk kva slags trendar som kjem, har Tonje Garberg etablert sitt eige interiør- og designfirma basert på agentur på utanlandske produkt. Vi bad henne fortelje om dei viktigaste erfaringane ho hadde hatt med å etablere seg i bransjen.

Garberg Design
Leverandør: NRK

Blafre - retroinspirerte saker og ting

Remi D. Fagervik og kona Ingrid Erøy Fagervik er også entreprenørar innanfor interiør- og utstillingsdesign. Saman har dei etablert firmaet Blafre – retroinspirerte saker og ting. Vi møtte Remi på standen deira på gåve- og interiørmessa, og her er det han fortalde:

Designfirma Blafre
Leverandør: NRK