Fagstoff

Taksidermist

Publisert: 19.01.2012, Oppdatert: 06.11.2012
Taksidermist

Ein taksidermist konserverer og stoppar ut dyr for presentasjon i det naturlege miljøet deira. Reint teknisk må taksidermisten stanse nedbrytingsprosessen og gjere objektet haldbart over lang tid. Men i tillegg må taksidermisten gjennom den estetiske dimensjonen av arbeidet han/ho gjer, få objektet så naturtru som mogleg. Taksidermistar jobbar gjerne på naturhistoriske museum.

Taksidermisten arbeider med utstopping av dyr, utfører konservering og preparering
av biologisk materiale av vitskaplege samlingar og til utstillingar og lagar trofé og andre
kommersielle produkt. Å ta vare på biologisk materiale for vitskapleg dokumentasjon,
forsking og undervisning har samfunnsverdi og gir grunnlag for ei berekraftig utvikling og
forvaltning av biologisk mangfald, lokalt og internasjonalt.

Opplæringa skal medverke til å utvikle handverksferdigheiter, evne til kritisk refleksjon,
etiske haldningar til faget og forståing av korleis faget skal utøvast lokalt, nasjonalt og
internasjonalt. Ho skal vidare gi erfaring med utvikling og produksjon av taksidermistprodukt
og skal rette merksemda mot helse, miljø og tryggleik.

Opplæringa skal leggje vekt på praktisk arbeid med materiale, reiskapar og teknikkar. Vidare
skal ho vere med å utvikle forståing for ressursforvaltninga i eit marknadsperspektiv og bidra
til å utvikle evna til å sjå berekraftige moglegheiter i faget. Fullført og bestått opplæring fører
fram til sveinebrev. Yrkestittelen er taksidermist.