Fagstoff

Korgmakar

Publisert: 18.01.2012, Oppdatert: 04.03.2017
May Tove Berg i kurvmakerverkstedet på Marihaugen

Korgmakaren lagar korgmøblar og andre korg- og flettverksprodukt, eller arbeider med restaurering og reparasjon av slike. Til å lage produkta bruker korgmakaren materiale som siv, bast, rotting, pil, pedding, sjøgras, men òg furuspon, never og papirsnøre. Bjørketæger (greiner frå røter) er òg eit gammalt tradisjonsmateriale.

KURVMAKER (LANG)
Leverandør: NRK
 

Korgmakarfaget representerer eit av dei eldste handverka i verda og held i hevd handverkskompetanse ved framstilling av fletta gjenstandar. Korgmakaren skal ta vare på og vidareføre gamle handverksteknikkar og materialkunnskap i tillegg til å utvikle nye flettverksprodukt og tenester i tråd med behova i samfunnet.

Opplæringa skal stimulere til forståing for plassen flettverk har i historia og samtida. Ho skal bidra til utvikling av handverksferdigheiter og materialkunnskap og vere med å utvikle evna til estetisk medvit og kritisk refleksjon over eige arbeid.

Opplæringa skal leggje vekt på praktisk arbeid med produkt og tenester og leggje grunnlag for yrkesutøving i ei flettverksbedrift. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er korgmakar.

May Tove Berg er korgmakar og driv firmaet Pil i hjartet av Søgne. Her dyrkar ho òg sine eigne plantar. Ho har 20 000 plantar av forskjellig slags pil på ei tomt på eit mål. Ho er òg med i ei pileflettingsgruppe på Facebook (sjå lenkje i høgremargen). Vi møtte May Tove på Maihaugen i Lillehammer under handverksdagane der i oktober 2010. Der viste ho både oss og andre interesserte ungdommar dei grunnleggjande teknikkane i korgmakarfaget.

Starten på en ny kurvStarten på en ny kurvKURVMAKER (KORT VERS)
Leverandør: NRK
Pilfletting kan også anvendes til å lage rene kunstverkPilfletting kan også anvendes til å lage rene kunstverk