Fagstoff

Keramikar

Publisert: 18.01.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Keramiker

Keramikaren utviklar, produserer og sel keramikk. Produkta kan vere krus, koppar, fat, bollar, vasar, krukker og andre bruks- og pyntegjenstandar. Arbeidet omfattar formgiving, dekorering, modellering, dreiing, støyping, glasering og brenning av produkta. Og når produktet er ferdig, kjem marknadsføring, utstilling og sal.

Keramikarfaget har lange tradisjonar. Lærefaget skal bidra til utvikling og produksjon av keramiske produkt etter behova i marknaden. Faget skal ta vare på gamle teknikkar og utvikle desse vidare.

Keramikk

Opplæringa skal bidra til å utvikle handverksferdigheiter og kompetanse i keramikarfaget. Ho skal òg vere med å utvikle forståing for estetiske problemstillingar knytte til ulike kulturar, tradisjonar og trendar i lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Opplæringa skal vidare hjelpe til å fremje forståing for forholdet mellom marknad og produksjon.

Nora Gulbrandsen og keramikk

I opplæringa skal det leggjast vekt på skapande arbeid med relevante materialar, reiskapar og teknikkar. Ho skal leggje grunnlaget for profesjonell yrkesutøving, entreprenørskap og nyskaping i keramikarfaget. I tillegg skal opplæringa auke forståinga for ressursforvaltning og helse, miljø og tryggleik. Fullført og bestått opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er keramikar.