Fagstoff

Handbokbindar

Publisert: 19.01.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Bokbinderfaget i historie.png

Ein handbokbindar bind inn bøker for hand og reparerer og restaurerer eldre bøker. Spesielle bøker som blir trykte på fint og dyrt papir i svært små opplag, blir framleis bundne inn for hand. Handbokbindaren arbeider i bokbinderi, bibliotek og arkiv. Andre produkt handbokbindaren lagar, er øskjer, permar, kassettar og protokollar.

Boka har sidan midten av 1400-talet vore ein sentral kultur- og informasjonsberar i
samfunnsutviklinga. Handbokbindarfaget skal bidra til å dekkje behovet for handverksfagleg
kompetanse i framstilling og dekorering av ulike bok- og papirobjekt. Handbokbindarfaget
skal bidra til å ta vare på kulturarven gjennom restaurering av antikvariske bøker og
reparasjonar for bibliotek, museum og arkiv.

Opplæringa skal bidra til å utvikle kunnskapar og ferdigheiter knytte til estetikk, materiale
og produksjon. Vidare skal ho bidra til å utvikle kompetanse innan praktisk arbeid med
funksjonell design, typografi og dekor. Ho skal òg vere med på å utvikle kunnskap om
tilarbeiding av materiale med ulike tradisjonelle og nyare trykkmetodar og trykkteknikkar.

Vektlegging av kreative prosessar gjennom skissearbeid og utforsking av teknikkar og
metodar i ei marknadsramme er òg ein viktig del av opplæringa. Det skal vidare leggjast
vekt på tradisjonelle og digitale verktøy i produktutvikling og produksjon. Fullført og bestått
opplæring fører fram til sveinebrev. Yrkestittelen er handbokbindar.

BOKBINDER