Fagstoff

Gjørtlar

Publisert: 18.01.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Hva er en Gjørtler BILDE.png

Ein gjørtlar støyper ulike produkt i metall. Han bruker først og fremst messing og bronse, men òg kopar, tinn, nysølv, jern og aluminium. Produkta er bruks- og prydgjenstandar som lysestakar, lysekroner, beslag, handtak, spenner, smykke, mortarar og anna. Støypinga kan skje både i sandformer og i faste former, for eksempel av kleberstein.

Gjørtlarfaget representerer gammal handverkstradisjon og tek vare på kulturarven
ved å vidareføre tradisjonelle støype- og omarbeidingsteknikkar. I gjørtlarfaget blir
gjenstandar tilverka i messing og bronse, og faget skal bidra til å dekkje samfunnsbehovet
for restaurering av gamle gjørtlararbeid. Dette omfattar ulike bruks- og kunstgjenstandar
i privat og offentleg eige. Gjørtlarfaget skal òg bidra til nyskaping av interiør-, møbel- og
bygningsdetaljar, plakettar og dekor.

I videoen nedanfor fortel gjørtlar Kåre Ramberg om framgangsmåten for å lage ein lysestake.
I familien hans har dei vore gjørtlarar i fleire generasjonar.

Gjørtlar

Opplæringa skal hjelpe studenten til å utvikle handverksferdigheiter på fagområdet og
utvikle formsans og evne til å sjå samanheng mellom form, funksjon og konstruksjon. Ho skal
bidra til medvit om fagtradisjonar og kulturminnevern og til å utvikle evna til å sjå lærefaget
i kunsthistorisk perspektiv og evna til sjølvstende og samarbeid med tilstøytande fagmiljø.
Opplæringa skal gi erfaring med ulike støype- og omarbeidingsteknikkar og rette merksemda
mot forhold som gjeld helse, miljø og tryggleik.

Opplæringa skal vidare leggje vekt på praktisk arbeid med materiale, verktøy og teknikkar
som grunnlag for vidare fagleg utvikling i gjørtlarfaget. Fullført og bestått opplæring fører
fram til sveinebrev. Yrkestittelen er gjørtlar.

Kva er ein Gjørtlar?