Fagstoff

Gipsmakar

Publisert: 18.01.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Gipsmaker og Vera støper mage

Gipsmakarane lagar innvendige dekorasjonar som takrosettar og gipslister, utvendige fasadedetaljar og ornamentikk, og støyper ulike figurar. Solide kunnskapar i kunsthistorie, både stilhistorie og arkitekturhistorie, er nødvendige for gipsmakaren, i tillegg til å meistre sjølve handverket. Det er også viktig å halde kontakten med fagmiljøet i andre land.

GIPSMAKER (LANG)
Leverandør: NRK
 

 

Joseph Robert Carter konsentrert i arbeidet med å restaurere en takrosett av gipsJoseph Robert Carter konsentrert i arbeidet med å restaurere en takrosett av gips 

Joseph Robert Carter er ein engelskmann, utdanna som bildehoggar, som trefte ei norsk jente og flytta som ein konsekvens av det til Noreg. Han kom til Trondheim, der han blei knytt til restaureringsarbeida på Nidarosdomen. Han har gått to år i lære der for å bli gipsmakar. Vi møtte han på Maihaugen i Lillehammer under handverksdagane der i oktober 2010. Der viste han både oss og andre interesserte ungdommar kva gipsmakarfaget går ut på.

GIPSMAKER (KORT VERS)
Leverandør: NRK