Fagstoff

Forgyllar

Publisert: 18.01.2012
Forgyller

Ein forgyllar legg bladgull eller andre bladmetall på lister, rammer, møblar, stukkaturar og liknande. Forgyllaren kan også lage ornamentering. Arbeidsoppgåvene til ein forgyllar er ofte knytte til å reparere og restaurere gamle rammer, møblar og stukkaturar. Men forgyllaren må også kunne forgylle nye produkt, laminere lister og gjære og setje saman rammer.