Fagstoff

Blyglasarbeidar

Publisert: 18.01.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Formontasje av blyglassbilde

Blyglas er glas i ulike fargar som er innfatta i bly og messing. Blyglasvindauge kjenner vi først og fremst frå kyrkjerommet, men dei kan også brukast i andre offentlege bygningar og private bustader. Blyglasfaget er eit internasjonalt fag, og for å halde seg oppdatert om trendar og materialar er det nyttig med gode språkkunnskapar, særleg i engelsk og tysk.

GLASSMALERI (LANG)
Leverandør: NRK
 

 

Kent Ivan Hovelsen har sju års utdanning i bedrift for å få sveinebrev. Han har arbeidd med restaureringsarbeida ved Nidarosdomen i åtte år. Vi møtte han på Maihaugen i Lillehammer under handverksdagane der i oktober 2010. Der viste han både oss og andre interesserte ungdommar kva glashandverksfaget går ut på. Samtidig understreka han at dersom vi ville få eit skikkeleg inntrykk av korleis han arbeidde, burde vi besøkje glashytta ved Nidarosdomen i Trondheim, der han til dagleg arbeidde.

GLASSMALERI (KORT VERS)
Leverandør: NRK