Fagstoff

Glasshandverkar

Publisert: 18.01.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Glassblåser

Glashandverkaren blæs bruks- og pyntegjenstandar i glas og krystall. Glas er sand og andre råstoff som er smelta til ein elastisk masse som glashandverkaren formar til ulike produkt. Faget blir gjerne delt i ei kald og ei varm side. På kald side arbeider glashandverkaren med kaldsprenging av glas som så blir omarbeidd vidare med forskjellige teknikkar.

Glashandverkarfaget er forankra i tusenårige handverkstradisjonar og er med på å bevare
kulturarven ved å produsere tidstypiske bruks-, pryd- og kunstglas. Glashandverkarfaget skal medverke til at kunnskap om og praksis i gamle teknikkar blir vidareførte.

Glasshåndverker 

Lærefaget skal bidra til utvikling av forståing for form, estetikk og farge knytt til glasprodukt.
Det skal gi kunnskapar om tidlegare produksjonsmetodar, materiale, verktøy og teknikkar i
glashandverkarfaget som gjeld varm og kald omarbeiding, og stimulere til ny utvikling. Opplæringa skal bidra til at arbeidet blir utført i samsvar med dei kvalitetskrava som blir stilte. Ho skal vidare leggje vekt på helse-, miljø- og tryggleikstiltak.

Å blåse et glass

Opplæringa skal i stor grad bestå av grunnleggjande praktisk arbeid med materiale, verktøy og teknikkar som skal vere ein basis for vidare fagleg utvikling og forståing for glashandverkarfaget. Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittelen er glashandverkar.