Hopp til innhald

Fagstoff

Likviditetsbudsjett

No skal vi sjå kva eit likviditetsbudsjett er. Det er eit viktig budsjett, ettersom vi her får oversyn over kor mykje pengar vi rår over til kvar tid. Utan pengar kan vi ikkje drive noka bedrift. Vi snakkar om pengereserve eller likviditetsreserve.
Ein mann tel pengar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eit likviditetsbudsjett?

Vi må setje opp eit resultatbudsjett for å kunne utarbeide eit likviditetsbudsjett. Grunnen er at det eine budsjettet byggjer på det andre. Mens resultatbudsjettet har fokus på inntekter og kostnader, bruker vi innbetalingar og utbetalingar i likviditetsbudsjettet. Vi må ta utgangspunkt i inntektene for å kunne budsjettere innbetalingane. Det same gjeld kostnadene og utbetalingane.

Sjå samanlikninga mellom resultatbudsjettetog likviditetsbudsjettet nedanfor:

Illustrasjon som viser innholdet i resultatbudsjettet og likviditetsbudsjettet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skilnaden mellom inntekter og innbetalingar er berre ei tidsforskuving. Det vil seie at dersom kundane har 30 dagars betalingsvilkår, vil salet vårt i januar bli til innbetalingar i februar, osv. Sjå skissa nedanfor:

Sal i månad

Innbetalt i månad

februar

mars

april

januar

750 000

750 000

februar

830 000

830 000

mars

790 000

790 000

Ein annan skilnad mellom inntekter og innbetalingar kan vere meirverdiavgift. Det skjer når omsetninga vår er avgiftspliktig. Vi legg då til meirverdiavgift på prisane. I så fall ville oversynet ovanfor sett slik ut:

Sal i månad

Innbetalt i månad

utan mva

med mva

februar

mars

april

januar

750 000

937 500

937 500

februar

830 000

1 037 500

1 037 000

mars

790 000

987 500

987 500

Vi må altså budsjettere alle innbetalingane frå kundane for heile året, månad for månad. På same måten må vi budsjettere alle utbetalingane til leverandørane for heile året, månad for månad. Vi må òg ta med utbetalingane til personalet (lønn) og andre faste kostnader. Her må vi ikkje gløyme utbetalingar til å dekkje meirverdiavgift, arbeidsgivaravgift, forskotstrekk, avdrag på lån osv.

Likviditetsbudsjett for VVS-spesialisten

Dette er vist i oversynet for firmaet VVS-spesialisten nedanfor. Oppsettet gjeld januar og februar månad. Vi tek utgangspunkt i bankinnskotet i førstninga av perioden. Når vi reknar ut summen av alle innbetalingane minus summen av alle utbetalingane, får vi eit innbetalingsoverskot (eller -underskot) for perioden. Dersom vi legg til eller trekkjer frå bankinnskotet i førstninga av perioden, finn vi bankinnskotet i slutten av perioden. Denne summen blir IB i neste periode.

VVS-spesialisten

januar

februar

IB på bankinnskotet per første dag i månaden

50 000

100 000

Innbetalingar frå kundane

1 300 000

1 275 000

– utbetalingar til vareleverandørar

600 000

575 000

– utbetalingar til personale/lønn

250 000

250 000

– utbetalingar for andre faste kostnader

340 000

350 000

– utbetalingar til ev. mva. og avdrag

60 000

50 000

=
+/– innbetalingsoverskot eller innbetalingsunderskot
i perioden

50 000

50 000

= UB på bankinnskotet per siste dag i månaden

100 000

150 000

Eit slikt oversyn må lagast for alle månadene. Dette er enkelt å gjere i eit rekneark, og vi kan då vise utviklinga grafisk. Kontroller også tala mot grafen nedanfor:

Her ser vi ein graf med månadene i året langs X-aksen og likviditet i form av bankinnskot på Y-aksen. Grafen viser utviklinga i likviditeten, som i dette dømet går oppover (betrar seg) dei tre første månadene. Deretter viser grafen at likviditeten går ned i fjerde månad, før han stig att i to månader. I den sjuande månaden fell likviditeten kraftig, for så å ta seg opp att til det same nivået innan den ellevte månaden. I den siste månaden av året går han litt ned att. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skilnad mellom resultatbudsjett og likviditetsbudsjett

Her følgjer eit oversyn over kva som høyrer heime i eit resultatbudsjett, og kva som høyrer heime i eit likviditetsbudsjett. Tala er henta frå Morten og Minoos support.

Resultatbudsjett

Likviditetsbudsjett

Salsbudsjett (inntekter)

275 000

Innbetalingar frå kundar
Byggjer på salsbudsjettet, men er justert for tidsforskuving og meirverdiavgift

300 000

Varekostnadsbudsjett

25 000

Utbetalingar til leverandørar
Byggjer på salsbudsjettet, men er justert for tidsforskuving og meirverdiavgift

27 000

Faste kostnader

  • Lønn, feriepengar, arbeidsgivaravgift
  • Administrasjonskost
  • Renter

90 000

118 000
10 000

Utbetalingar av faste kostnader og anna

  • Tek omsyn til utbetalingstidspunktet
  • Inklusive eventuell meirverdiavgift
  • Avdrag
  • Investeringar, kapitalutviding og låneopptak
  • Momsoppgjer, betaling av forskotstrekk og arbeidsgivaravgift, feriepengar, firmaskattar og utbytte

Sum utbetalingar av faste kostnader og anna

223 000

  • Avskrivingar

28 000

  • Ikkje avskrivingar

0

Resultat

+4 000

Likviditetsoverskot/-underskot

+50 000

Legg særleg merke til skilnaden mellom inntekter og innbetalingar og mellom kostnader og utbetalingar.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 09.12.2020

Læringsressursar

Budsjett