Fagstoff

Børsemakar ved Gauldal vgs.

Publisert: 11.01.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Børsemaker. Gauldal vgs

Vi kom til Støren med nattoget frå Oslo tidleg ein torsdags morgon i mars 2011. Først etter eit par timar med hyggeleg oppvarting av vaktmeisteren ved Gauldal vgs, fekk vi kontakt med elevane på den einaste linja i landet for utdanning av børsemakarar.

Dei hadde nettopp hatt ein minneverdig tur til Nürnberg i Tyskland og den store våpenmessa IWA & Outdoor Classics 2011. På messa hadde det vore 1166 utstillarar spreidde utover eit areal som tilsvarar eit dusin fotballbaner. 35.220 besøkjande fagfolk frå 100 land over heile verda kom til denne messa, mellom dei ein gjeng frå Gauldal vgs i Sør-Trøndelag. Ikkje rart dei har mange inntrykk å sortere. ”Då vi hadde vore gjennom to kjempehallar, og trudde at vi hadde sett det meste, fekk vi vite at det var i ein hall vi enno ikkje hadde vore innom at noko av det mest spennande var å finne,” seier den eine til den andre. ”Og du då, som hamna under bordet på puben vi besøkte”,  seier ein annan. Det er tydeleg at Tysklands-turen også har hatt sosiale dimensjonar for vennegjengen. 

Du kan også ta Vg3 Børsemakar på Gauldal vgs

I alle oversikter heiter det at børsemakarutdanninga byggjer på Design og handverk Vg1, og at det er ei landslinje for Vg2 på Gauldal vgs. René Jake Olsen kan likevel fortelje oss at han dette året er den einaste på Vg2 som kjem frå Design og handverk Vg1. Dei andre har sin bakgrunn frå TIP Vg1, gjennom eit såkalla ”kryssløp”. Det som likevel er meir uventa for oss, er at halvparten av elevane vi møter, går Vg3 Børsemakar. Dette er eit tilbod vi ikkje finn verken på utdanning.no eller vilbli.no. Der heiter det at det krevst to års læretid i bedrift etter Vg2 Børsemakar for å få fagbrev. På skolen si heimeside er likevel dette ”hemmelege” utdanningstilbodet nemnt: ”Etter Vg2 Børsemakar gir skolen tilbod om Vg3 i skole. Ein kan også ha opplæring i bedrift før ein melder seg opp til sveineprøve.”

Eksamensoppgave til lærling
Leverandør: NRK

Yrkesfagleg fordjuping for elevar i Design og handverk Vg1

 På dei same heimesidene heiter det: ”Når det gjeld elevar frå Vg1 Design og handverk, så kan desse få informasjon om børsemakarstudiet som ein del av yrkesfagleg fordjuping ved å vende seg til skolen.” Og der er vi. Vi har elles høyrt at Vg1-elevar som gir uttrykk for at dei vil ta børsemakarfaget som yrkesfagleg fordjuping, ofte får kontakt med lokale børsemakarar, og er ein del av skoletida hos dei. Faglærar Lars Axel Seeberg Nygård fortel oss at det årleg er rundt 70 elevar som søkjer opptak til Vg2 Børsemakar på Støren, mens det er sju som blir tekne opp. Derimot er det normale at desse også tek Vg3 Børsemakar på skole. Dei elevane som blir tekne opp, har nesten utan unntak ein bakgrunn frå jakt- eller konkurranseskyting. Og dei blir rekrutterte frå heile landet og bur på hybel på Støren. Dette året er det faktisk ingen lokale elevar.

Lars er lærar i børsemakarfaget
Leverandør: NRK

Men no over til det vi eigentleg kom for.

Ein kombinasjon av tre- og metallarbeid

At dei fleste som kjem til børsemakarutdanninga ved Gauldal vgs har bakgrunnen sin frå TIP, viser nok at metall er viktigare enn trearbeid i dette faget. Men elevane er så heldige at snikkarverkstaden på Gauldal vgs ligg rett ved sida av børsemakarverkstaden, og Bernt André Nergård, som skal starte med å skjere ut emne til eit skjefte, får velvillig hjelp av faglærar Inge Engan på snikkerverkstaden når han skal gjere dette.

MINIATYR SKJEFTE
Leverandør: NRK

Siv Tiller, som er einaste jenta i korga, har kome litt lenger med sitt skjefte, og skal frese plass til underbeslaget. Ho er likevel uheldig, og fresen går litt for djupt, og kva skal ho då gjere? Situasjonen skildrar ganske godt kva for eit presisjonsarbeid børsemakaryrket er. Faglærar Lars Axel Seeberg Nygård gir
henne råd om korleis ho kan rette opp feilen.

GEVÆRSKJEFTE
Leverandør: NRK

Sverre Lund sit med eit skjefte i skrustikka som for oss ser heilt ferdig ut. Men han filer og pussar vidare for å få treverket heilt perfekt.

OMBYGGING AV HAGLE
Leverandør: NRK

Sverre tek oss med ned i kjellaren og viser oss ei smal 50 meters skytebane for ein person. Ho blir brukt til innskyting av våpna når dei er ferdige. Her i kjellaren har skolen også eit rom der elevane kan lære seg å fylle kule og krut i patronhylsene, slik vi har sett Petter Bratli hos Børselars på Dal gjere det.

Produksjon av nye og vedlikehald av gamle våpen

Vi finn Pål Svenning Olsen ved dreiebenken, der han profildreier eit pipeløpsemne. Sjølve pipeløpsemna til rifler kjøper skolen inn, slik at det innvendige løpet er ferdig rifla, men utvendig må det tilpassast det våpenet det skal bli. Pål jobbar også med ein kopi av eit gammalt våpen. Ifølgje faglærar Lars Axel Seeberg Nygård vil det bli eit lite kunststykke når det er ferdig.

DREIEING AV GEVÆERLØP
Leverandør: NRK

Han viser oss også ei typisk sveineprøve, ein komplett sidelås til ei hagle. ”Eigentleg kunne vi drilla meir på typiske sveineprøveoppgåver”, seier han, ”men vi vil gjerne gi elevane ei allsidig opplæring i børsemakarfaget.” Skolen tek også imot oppdrag. For ei tid sidan brann det i lokala til pistolklubben på
Støren, og René Jake Olsen viser oss korleis ein går fram når desse våpna skal plomberast slik at dei ikkje lenger kan brukast til avfyring av skot.

RESTAURERING AV HÅNDVÅPEN
Leverandør: NRK