Fagstoff

Båtmessa "Sjøen" i Lillestrøm (2011)

Publisert: 11.01.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Trebåt BILDE.png

Saman med forlaget Yrkeslitteratur AS drog vi våren 2011 til båtmessa Sjøen for alle i Lillestrøm. Dette er naturlegvis eit eldorado for alle som er opptekne av båtliv og frisk sjøsprøyt, men vi konsentrerte merksemda om den standen som Norboat hadde på messa, der det dreidde seg om opplæring i ulike handverksyrke knytte til båtbransjen.

Norboat
Leverandør: NRK

 

Norboat står for Norges Båtbransjeforbund AS, eit ressurs- og kompetansesenter for båt og båtliv med meir enn 430 medlemsbedrifter. Dei kunne fortelje oss at den teoretiske opplæringa av lærlingar i bedrift no kan gjennomførast på Internett gjennom e-læring. Dette sikrar lærlingen riktig og dokumenterbar teoretisk opplæring i bedrift, og hjelper samtidig bedrifta med å leggje til rette på ein god måte for lærlingen.

Båtbransjen
Leverandør: NRK

Båtmotor
Leverandør: NRK

  

Norboat reknar at det særleg er seks handverksyrke som er knytte til båtbransjen, og tre av desse har Design & handverk Vg1 som utgangspunkt, nemleg: Trebåtbyggjar, komposittbåtbyggjar og seglmakar. Dei tre andre faga, motormekanikar, plastmekanikar og dataelektronikar, startar i tur og orden med Teknikk og industriell produksjon eller Elektrofag. Skal du bli tre- eller komposittbåtbyggjar, kan du også starte med Teknikk og industriell produksjon det første året.

 

Vi for vår del starta med faglærar Thomas Anmarkrud, som også driv sitt eige båtbyggjeri på Os ved Bergen. Han har vore leiar av læreplangruppa i det nye båtbyggjarfaget, og skulle derfor vite mykje om kva som krevst for å ta fagprøva i desse faga. Han har også laga ordlista for båtbyggjarfaget for dette læremidlet, dessutan grunnboka i faget på Yrkeslitteratur AS. Han viste oss dei grunnleggjande delane ein båt er samansett av.

Komposittbåt
Leverandør: NRK

Saman med elevane Christopher Small og Ruben Solberg frå båtbyggjar Vg2 på Blakstad vgs, støypte Thomas Anmarkrud eit enkelt skrog til ein komposittbåt kvar dag i løpet av messa. Det var riktig nok ikkje tanken å sjøsetje desse. Dei skulle givast bort til ulike barnehagar og der brukast til sandkassar. Kanskje ligg det likevel ein tanke bak om at ungane tidleg skal venje seg til båtlivet?

Glassfiberbåt
Leverandør: NRK

Vi møtte også Andreas Sommerfelt på messa. Han hadde teke fagprøve innanfor trebåtbygging våren 2010 etter læretid på Risør Trebåtbyggeri AS. Han viste oss sveineprøva si og fortalde oss litt om læretida. Dei entusiastiske elevane kom frå ein skole i Lillestrøm, og var på båtmessa for å sjå og lære.

Trebåtbygger
Leverandør: NRK

Vi møtte også Christoffer Thoresen, som er den første maritime dataelektronikaren i Noreg, med bestått fagprøve i faget i desember 2010. Han hadde gått læretida i NAVY Høvik AS, og var no fast tilsett i same bedrifta som serviceteknikar. Han fortalde oss litt meir om alle dei datasystema som ein moderne båt kan ha.

Maritim dataelektronikk
Leverandør: NRK