Hopp til innhald

Fagstoff

Minoritetsaviser i Noreg

Media speler ei viktig rolle i språkopplæring og identitetsdanning. I Noreg finst det i dag aviser på samisk og kvensk. Nettavisa Utrop formidlar aktuelle nyheiter til ulike innvandrargrupper i Noreg på "lettnorsk". Mange innvandrarar vel å lese aviser frå heimlandet, på sitt eige morsmål.
Familie i sofakroken med ei pute som viser dei i samedrakter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nasjonale minoritetar, urfolk og innvandrarar

Noreg har vore eit fleirkulturelt samfunn i mange hundre år. Offisielt har vi fem nasjonale minoritetar i landet vårt:

  • kvener/norskfinnar

  • jødar
  • skogfinnar
  • romar
  • romanifolk/taterar

I tillegg har samane status som urfolk. Urfolk er minoritetar som budde fast i landet eller i eit bestemt geografisk område før nasjonalstaten vart oppretta.

I det norske samfunnet finst det i dag òg mange innvandrarar. Ein innvandrar er ein person som har utvandra til Noreg frå eit anna land.

Majoritets- og minoritetsspråk i Noreg

Både samar, kvener, innvandrarar og til dels norskfødde med innvandrarforeldre blir omtalte som språklege minoritetar.

Majoritetsspråket i Noreg er norsk med to sidestilte skriftformer: bokmål og nynorsk. Språka nordsamisk, sørsamisk, lulesamisk, kvensk, romanes og romani er anerkjende som minoritetsspråk i Noreg.

Media speler ei viktig rolle i språkopplæring og identitetsdanning. For minoritetsbefolkninga er det derfor viktig å ha tilgang til aviser på morsmålet og aviser som fokuserer på tema dei er opptekne av.

To unge kvinner med hidsjab les avis. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Aviser retta mot innvandrarar

Dei siste femti åra har det kome menneske frå alle verdshjørne til landet vårt. Sjølv om dei fleste lærer seg å snakke, lese og skrive norsk, føler mange behov for å halde kontakt med heimlandet og med landsmenn som har same kulturbakgrunn. Via internett er det enkelt å få tilgang til aviser og tidsskrift på morsmålet. Problemet er at utanlandske medium i lita grad formidlar informasjon om det som skjer i Noreg.

Dette vart aktualisert då koronaepidemien ramma Noreg i 2020. Styresmaktene oppdaga for seint at ein del minoritetsgrupper ikkje fekk med seg den informasjonen som vart formidla via norske medium. Avisa VG valde derfor å lage eigne omsetjingar av viktig informasjon, mellom anna på arabisk og somali (Aase, 2020).

Nettavisa Utrop er ei fleirkulturell nettavis som blir gitt ut på norsk. Avisa har ei eiga nyheitsteneste på det som blir omtalt som "lettnorsk", det vil seie norsk språk som er enkelt å forstå for alle.

Samiske aviser

Anders Guttormsen framfor ei framside frå avisa Nuor Tanas'ti'. Foto.

Den første samiske avisa i Noreg vart gitt ut i åra 1873–1875. Muittalægje kom ut éin gong i månaden. Redaktør var Christian Andreassen. I tillegg til å jobbe som lærar, lensmann og redaktør omsette han norske salmar til samisk.

Avisa Sagai Muittalægje vart grunnlagd av Anders Larsen og kom ut i tidsrommet 1904–1911. I periodane 1910–1913 og 1922–1927 vart det gitt ut ei sørsamisk avis på Røros. Waren Sardne betyr omsett til norsk "underretning frå fjellet".

I 2020 vart det gitt nær 37 millionar kroner i pressestøtte til fem norske aviser med samiske målgrupper:

  • Ságat vart grunnlagd i 1956. Avisa er norskspråkleg med redaksjon i Lakselv. Ságat blir gitt ut tre dagar i veka og har eiga nettavis. Avisa hadde i 2019 eit opplagstal på 3 032.

  • I 2008 vart avisene Assu og Min Áigi slegne saman til Ávvir. Ávvir blir gitt ut på samisk og har òg eiga nettavis. Redaksjonen held til i Karasjok og Kautokeino. Ávvir betyr "omsorg" eller "omtanke". I 2019 hadde avisa eit opplagstal på 1 201.

  • I tillegg til desse to avisene får lokalavisa NordSalten støtte til innstikk på lulesamisk, og Snåsningen får støtte til innstikk på sørsamisk. I 2019 hadde NordSalten eit opplagstal på 2 390, og Snåsningen eit opplagstal på 1 427.
  • Vekeavisa SÁMI ođasmagasiidna fekk òg pressestøtte i 2020. Vekeavisa er eit nett- og papirmagasin som blir drive av iSámi.Press AS, som vart etablert i 2017.

Ruijan Kaiku – avisa til kvenene

Utsnitt av framsida til den kvenske avisa Ruijan Kaiku. Faksimile.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ruijan Kaiku ei fri og uavhengig nyheitsavis for kvener, norskfinnar og finlendarar i Noreg. Avisa er den einaste norske avisa som prioriterer kvensk og finsk stoff. Første nummer av Ruijan Kaiku kom ut i 1995. I 2005 vart kvensk anerkjent som eige skriftspråk i Noreg. Avisa er no trespråkleg: hovudsakleg på norsk (begge målformene), kvensk og finsk, men også på meänkieli (tornedalsfinsk) og svensk.

Fordelinga av språka er i gjennomsnitt 50 prosent norsk, 25 prosent kvensk og 25 prosent finsk. Redaksjonen består av ein journalist som også er redaktør. Fleire frilansjournalistar og andre bidragsytarar leverer stoff til avisa.

Avisa kjem ut kvar femte veke. Avisa har abonnentar i Noreg, Finland og Sverige, men også i andre land.

(Informasjonen er henta med løyve frå Ruijan Kaikus eiga informasjonsside.)

Under kan du lese tre forskjellige utgåver av Ruijan Kaiku.

Filer

Viktige omgrep

Kjelder

Ijäs, A. J. & Norsk presses historie (Universitetsforlaget). (2020, 14. august). Ságat (Avis). I Store norske leksikon. https://snl.no/S%C3%A1gat_-_Avis

medienorge. (u.å.). Opplagstall samiske aviser. Hentet 13. april 2021 fra https://www.medienorge.uib.no/statistikk/aspekt/struktur/257

Medietilsynet. (2021, 12. november). Medietilsynet har fordelt nær 37 millioner i støtte til samiske aviser. https://www.medietilsynet.no/nyheter/aktuelt/medietilsynet-har-fordelt-nar-37-millioner-i-stotte-til-samiske-aviser/

Ruijan Kaiku (u.å.). Ruijan Kaijusta – Om Ruijan Kaiku. Hentet 31. januar 2023 fra https://www.ruijan-kaiku.no/omruijankaiku/

Samiske aviser. (2013, 20. april). I Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Samiske_aviser

Aase, K. A. (2020, 25. juni). VGs symptomtest på flere språk. VG. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/70OARv/vgs-symptomtest-paa-flere-spraak

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2021

Læringsressursar

Representasjon i media