Hopp til innhald

Fagstoff

Budsjett og budsjettkontroll

Ei jamføring mellom budsjett og rekneskap kallar vi ein budsjettkontroll. Ein slik analyse bør gjennomførast kvar månad.
Nærbilete av fingrar som tastar inn tal på ein kalkulator. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Budsjett som eit framtidsrekneskap

Dei fleste bedriftene har behov for å planleggje. Ein av dei viktigaste måtane å planleggje på er å setje opp eit budsjett for neste år. Eit budsjett er eit oversyn som viser korleis vi håpar og trur rekneskapen vil sjå ut neste år.

La oss seie at det gjekk akkurat slik vi håpa då vi sette opp budsjettet for neste år. Budsjettet vårt ville då vore heilt lik den rekneskapen vi førte månad for månad.

Dette vil nok aldri skje. Men vi forstår at budsjettet er ein slags framtidsrekneskap. Store bedrifter utarbeider budsjettet for neste år i perioden august–oktober, mindre bedrifter i perioden november–desember.

For å kunne samanlikne budsjettet med korleis det faktisk går månad for månad, må vi budsjettere på alle dei kontoane vi normalt fører på.

Budsjettkontroll

Ei jamføring mellom budsjett og rekneskap kallar vi ein budsjettkontroll. Ein slik analyse bør gjennomførast kvar månad. Berre på den måten kan vi setje i verk tiltak for å rette opp situasjonen. Finn vi ikkje avvika før mot slutten av året, har vi liten eller ingen sjanse til å kunne rette opp der vi kom skeivt ut.

Det finst fleire typar budsjett, men det vanlegaste og mest nødvendige er resultatbudsjettet. Når året er omme, kan vi setje opp ei samanlikning mellom resultatbudsjettet og den faktiske resultatrekneskapen for heile året og få fram dei totale avvika. Den analysen hjelper oss til å planleggje og budsjettere for neste år.

Eit eksempel

Budsjettet er eit av de viktigaste verktøya til å kunne få ei god økonomistyring av bedrifta. Nedanfor gir vi eit eksempel på ein budsjettkontroll.

  • Korleis har planen slått til for denne bedrifta?
  • Kan du finne ut korleis vi har rekna ut avvika i prosent?

budsjettkontroll

Kalkulasjon

Rekneskap i kroner

Budsjett i kroner

Avvik i krone

Avvik i prosent

Varesal

50 000

45 000

5 000

11,1 %

Varekostnader

30 000

26 000

-4 000

-15,4 %

Bruttoforteneste

20 000

19 000

1 000

5,3 %

Lønn

8 000

7 800

-200

-2,6 %

Arbeidsgivaravgift

1 120

1 092

-28

-2,6 %

Straumkostnader

1 000

1 200

+200

+16,7 %

Husleige

2 000

2 050

+50

+2,4 %

Avskrivingar

1 200

1 400

+200

+14,3 %

Rentekostnader

1 000

800

-200

-25,0 %

Sum indirekte kostnader

14 320

14 342

+22

+0,2 %

Resultat

5 680

4 658

1 022

21,9 %

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 13.05.2022

Læringsressursar

Rekneskap