Hopp til innhald

Fagstoff

Avisproduksjon på gamlemåten

Det første norske trykkeriet blei etablert i 1643. Setjemaskinen blei oppfunnen i 1880-åra. I 1960 blei denne trykkjemetoden erstatta med filmsats kombinert med trykking i offset. I dag er trykkjeprosessen heildigitalisert.

Pressemuseet Fjeld-Ljom

Bergstaden Røros kom på verdsarvlista til UNESCO allereie i 1980. 333 års gruvedrift og eit spesielt by-jordbruk hadde skapt ein heilt særeigen busetnad på fjellvidda som det var all grunn til å ta vare på som eit verdskulturminne for ettertida. På Røros ligg også det einaste avishuset i Europa som er bevart og komplett frå den tida da aviser blei laga på gamlemåten med blysats og flattrykkpresse.

Pressemuseet Fjeld-Ljom ligg i det gamle avishuset ved Hyttelva. Her treffer vi Ragnar Løkken og Torbjørn Floor, to pensjonistar med lang fartstid som typografar på Røros. Torbjørn er til og med tredje generasjon med tilknyting til Fjeld-Ljom. Bestefaren Kristian var redaktør for avisa frå 1909 til 1925, og faren Reidar var maskinsetjar som han sjølv.

Slik fungerer ein setjemaskin

Det høyrest kanskje tungvint ut i dag, men journalistane skreiv artiklane sine på skrivemaskin, og manuskripta blei overleverte maskinsetjarane i form av papirark. Brødteksten blei tasta inn på nytt på den store setjemaskinen. Da desse kom rundt første verdskrigen, var det ei stor forbetring. Tidlegare var nemleg all tekst i avisa sett med enkelttypar ein og ein i ein vinkelhake.

Setjemaskinen har tre hovudkomponentar: eit tastatur, eit matrisemagasin og ei støypeform. Det geniale ved setjemaskinane er at støypeformene for bokstavane – matrisene – sirkulerer. Ved anslag på tastaturet dett matrisene ut av kanalen sin i magasinet og ned i samlaren, der kiler mellom orda blir pressa opp slik at dei lause matrisene dannar ei kompakt støypeform. Linja blir ført bort til støypehjulet der bly blir pumpa inn og linja støypt. Deretter fell linja ned på skiffet, mens matrisene blir henta av ein arm og ført opp i hekken til overkant av magasinet. Matrisene heng der på ein spindel som fører dei langs magasintoppen. Kvar einaste bokstav har sin spesielle ”låskombinasjon” og fell automatisk ned i riktig kanal. På denne måten sirkulerer matrisene i eit krinslaup og blir brukte om og om igjen.

Setjemaskinane revolusjonerte avisproduksjonen i 1880-åra. Men framleis måtte overskrifter og annonser setjast på ”gamlemåten” med lause typar frå ei setjekasse i ein vinkelhake.

Rundt andre verdskrigen blei det introdusert setjemaskiner for overskrifter; såkalla Ludlow-maskinar der ein kunne støype titlane i bly etter kvart som ein trengde dei. Maskinen fungerer ved at ein set inn ei støypeform eller matrise som så blir fylt med bly frå smeltegryta bak på apparatet. Overskrifta blir sett saman av lause matriser for kvart teikn som ligg i reolen ved sidan av, omtrent som i ei vanleg setjekasse.

Ombrekking

Ved ombrekkarbordet tek den endelege utsjånaden til avisa form. Her blir dei ulike elementa sett saman slik redaksjonen ønskjer det: brødsatsen frå setjemaskinane, titlar og annonser frå vinkelhakane og alle biletklisjeane. Typografen har ansvaret for at satssida blir ryddig og harmonisk.

Elementa blir plasserte i ”sluttrammar”. For å fylle sida heilt, bruker dei såkalla ”blindmateriell”. Desse elementa er noko lågare enn skriftbiletet og blir derfor ikkje synleg på den trykte sida. Over ombrekkarbordet finst det fleire typar blindmateriell, dessutan messinglinjer – spaltestrekar – som blir plasserte mellom spaltene i avisa

Trykkjeprosessen

Når så sidene er ferdig ombrekte, kan dei trykkjast. Rudolf Olsen og Torbjørn Torgersen som viser oss korleis den store trykkpressa fungerer. På Pressemuseet Fjeld-Ljom har dei ei flatpresse frå Nibiolo i Italia. Den har vore brukt avisa sidan 1962 og kan berre trykkje to sider om gongen. I første omgangen blir sidene 1 og 4 trykte.

Etter at trykkformene er bytte ut, blir dei trykte arka plasserte opp igjen på leggjarbordet, og sidene 2 og 3 kan trykkjast. Fjeld-Ljom kom tidlegare normalt ut med fire sider. Til pressa er det kopla eit falseapparat der avisa blir bretta – eller falsa som det heiter på fagspråket – to gonger. Og dermed er avisa klar til å bli levert ut til abonnentane.

Avisbud
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dagens heildigitale produksjonsprosess

Dagens produksjonsprosess i Fjell-Ljom er naturlegvis digitalisert. Det er redaksjonen som set både brødtekst, overskrifter og annonser på sine eigne PC-ar. Bileta som blir nytta, er allereie digitale og blir henta rett frå kameraet. Dersom ein vil bruke gamle analoge bilete, må dei først skannast.

Også ombrekkinga av avisa skjer med eit eige program på PC-en, og når alt er klart, blir heile avisa send digitalt til Østlendingens trykkeri på Elverum. Der tek ikkje trykkinga av opplaget til Fjell-Ljom meir enn ein times tid. Adressene til abonnentane blir også påført digitalt, og avisene blir sende direkte frå trykkeriet.

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes.
Sist fagleg oppdatert 18.06.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)