Hopp til innhald

Fagstoff

Fjell-Ljom – avisa som ikkje ville døy

Ein viktig del av norsk avishistorie handlar om den rolla små lokalaviser har hatt i utviklinga av demokratiet. Lokalavisa Fjell-Ljom på Røros er ei av dei.

Historisk bakgrunn

Dei første dagsavisene vart stifta her i landet på 1800-talet. I Bergstaden Røros vart den første avisa, Fjeldposten, etablert i 1868 av Kristiania-mannen Andreas Halvorsen. Våren 1883 vart boktrykkaren Olaf Olsen Berg henta til avisa for å ta seg av den tekniske produksjonen.

Eldre mann i dress sit ved eit bord og røyker pipe. Svart-kvitt foto.

Under den harde vetostriden på 1880-talet stod eigarane i Fjeldposten på dei konservative si side. Dei meinte Kongen fritt burde kunne velje statsrådar. Olaf O. Berg var på den tida ein ihuga venstremann som støtta Johan Sverdrup i kravet om at Kongens regjering måtte bli danna frå stortingfleirtalet.

Det vart ein alvorleg konflikt mellom Berg og utgivarane, som førde til at Berg i 1886 etablerte venstreavisa Fjeld-Ljom.

Lokalavisene ekspanderer

Redaktør Jon Høsøien fortel at midt på 1890-talet vart det stifta heile tre nye aviser på Røros. I 1894 kom den konservative avisa Dovre på marknaden. Året etter etablerte den frilynte ungdomsrørsla avisa Breidablikk, og det vart òg starta eit lokalt vekeblad, Fjeldblomsten.

I 1907 etablerte sosialdemokratane avisa Mauren, som i 1912 skifta namn til Arbeidets Rett. I 1910 vart det stifta ei samisk avis, Waren Sadme, som betyr "bodskap frå fjellet".

Kvinne som leser lokalavisa Arbeidets Rett. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fjell-Ljom i dag

Fjell-Ljom har slite tungt i periodar, blant anna med to konkursar og påfølgjande driftsstans på 1970- og 1980-talet. Avisa vart slått konkurs i 1976. Eit nytt aksjeselskap vart stifta, og etter eit opphald på eit halvt år kom avisa ut på nytt. I 1979 var tida inne for ein ny konkurs, og no gjekk det heile åtte år før avisa kom ut igjen.

Frå 1993 har Erling Sven Busch gjennom selskapet Avisdrift AS reorganisert verksemda, og Fjell-Ljom kjem i dag ut ein gong i veka som ei tolvsiders rein Røros-avis. I tillegg kjem Arbeidets Rett med tre aviser i veka, med nedslagsfelt på Røros og i Nord-Østerdalen.

Frå september 2019 har avisa òg ei fullverdig nettside. Sjå nettutgåva av Fjell-Ljom.

Sjå dessutan nettutgåva av Arbeidets Rett.

CC BY-SASkrive av Svein Sandnes.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)