Hopp til innhald

Fagstoff

Forsikring

Bedriftene sikrar seg økonomisk ved å teikne forsikring hos eit forsikringsselskap. Forsikringsselskapet på si side sikrar seg ved å setje visse krav til å forsikre eit mogleg tap av verdiar hos kundane.
Innbrudd

Forsikringsselskapenes Godkjennelsesnevnd

Dersom ein butikk opplever innbrot, er det viktig at butikken har innfridd vilkåra frå forsikringsselskapet. I motsett fall – for eksempel manglande låsing av dører – blir vederlaget redusert eller fell heilt bort. Bedrifta kan òg, etter ein skade der det syner seg at dei ikkje har oppfylt krav i lova, bli meld til politiet.

Forsikringsselskapa har gått saman med organisasjonane i næringslivet om ein del forsikringsvilkår i Forsikringsselskapenes godkjennelsesnevnd, FG. Denne organisasjonen set krav heilt ned til komponentane i alarmanlegget. Dersom ei bedrift som er pålagd å ha alarm for å fylle vilkåra, har installert ein alarm som ikkje er godkjend av FG, kan forsikringsselskapet redusere erstatninga.

CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Tryggingstiltak