Hopp til innhald

Fagstoff

Tekniske tryggingstiltak – brannsikring

Altfor mange menneske mister årleg livet i brann her i landet. I tillegg til tap av menneskeliv fører brannane til materielle skadar for milliardsummar kvart år.
Brannvesen
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brannsikring

Ein brann kan ha mykje større konsekvensar enn eit innbrot. Det aller viktigaste vi ønskjer å sikre mot brann, er liv og helse.

I Noreg brenn hus og heimar relativt ofte samanlikna med andre land.

Les meir om brannar i Noreg

Vi bur langt mot nord, der det er så kaldt og mørkt at vi må fyre mykje med både straum og ved. Vi bruker også mykje lys. Bustadene våre er oftast bygde i lett brennbart materiale – tre og tømmer. (Lenger sør i Europa er husa gjerne bygde i mur.) Nordmenn elskar også å pynte med mykje brennbar pynt og stearinlys, og i tillegg har vi mange elektriske apparat som batteriladar, mikrobølgjeomn, tv, stereo, symaskin, strykejern, vifteomn osv. Slike elektriske apparat er årsak til dei fleste brannane. I rett gamle dagar var oppgåva til vektarane mellom anna å gå rundt i byane og førebyggje brann. Tilløp til brann vart derfor ofte oppdaga tidleg av desse vektarane.


Styresmaktene i Noreg har laga ein del lover for å verne menneske og eigedom mot brann. Lovverket krev for eksempel at eigaren sikrar eigedommen med eit brannvarslingsanlegg.

Styresmaktene i Noreg har laga ein del lover for å verne menneske og eigedom mot brann. Lovverket krev for eksempel at eigaren sikrar eigedommen med eit brannvarslingsanlegg.

Overnattingsstader har ekstra strenge reglar om brannvern. Mellom anna skal det gåast brannrundar i bygget om natta når folk søv.

Ligg det ein butikk i første etasje i ein bygard med leilegheiter over, skal det vere alarmanlegg som varslar i leilegheitene dersom det tek til å brenne i butikken under.

Det krevst også rømmingsvegaer. Alle lokala skal ha alternative rømmingsvegar.

Brannklassar

Bedriftene blir delte inn i ulike brannklassar (1–5), alt etter kor mange menneske som er i lokala, kor mange etasjar bygningen har, kva slags verksemd bedriftene driv, type produkt osv.

Kvar brannklasse har sine eigne krav til brannsikring. Dess høgare brannklasse, dess fleire krav.

Brannteori

Tre vilkår må vere til stades for å starte ein brann:

  • brennbart materiale
  • oksygen
  • temperatur

Du har sikkert tent eit bål. frå fyrstikka mot fyrstikkeska skaper då ein temperatur som blir høg nok til å setje fyr på papiret, bjørkenevra eller veden. Oksygen er som kjent ein del av lufta ikring oss.

Dersom du tenner ei fyrstikk, snur eit glas opp ned og deretter set glaset over fyrstikka, vil flammen raskt bruke opp oksygenet i lufta i glaset og slokne. Flammen blir kvelt. Det er det same som skjer når vi sløkkjer ein brann med eit pulverapparat. Pulveret legg seg over dei brennande materiala og hindrar at oksygen kjem til.

Nyttige lenkjer

CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 29.06.2018

Læringsressursar

Tryggingstiltak