Hopp til innhald

Fagstoff

Tekniske tryggingstiltak – alarm

Med tekniske tryggingstiltak tenkjer vi på dei tekniske løysingane vi kan bruke for å hindre eller redusere tap av liv og verdiar. Eksempel på tekniske tryggingstiltak er alarmar og kameraovervaking.
Overvåking. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alarmanlegg

Alarmar kan installerast slik at dei varslar om innbrot, rørsler, brann, gass, vatn, overfall og ran. Fordelen med alarmar er at dei gir signal om at nokon bryt opp ei dør eller eit vindauge. Då kan utrykkinga skje raskt, og det veit også innbrotstjuven. Alarmar verkar derfor avskrekkande.

Det finst fleire typar alarmar. Dei er stort sett bygde opp av eit sentralt apparat som i sin tur er kopla til ulike detektorar. Detektorane sender eit signal til sentralapparatet, som tolkar signalet og sender vidare eit signal om «utløyst alarm» til ein bemanna alarmstasjon. Samstundes går sirena.

Rørsledetektorar

Rørsledetektorar fungerer ved at dei registrerer kroppsvarme. Dersom varmepunktet flytter seg mellom dei ulike sonene på detektoren, blir ein alarm trigga. Detektorane er plasserte slik at dei dekkjer moglege vegar inn i ein bygning.

Magnetkontaktar

I tillegg til rørsledetektorar kan vi bruke magnetkontaktar, som også er ei form for detektorar. Dei er samansette av ei stålplate og ein magnet og blir monterte med ein del kvar på dør og dørkarm. Når nokon opnar døra, blir krinsen broten, og alarmsignalet går.

Røykdetektorar

Dei aller fleste heimane og bedriftene har i dag røykdetektorar. Det finst ulike typar, men alle har til oppgåve å oppdage røyk:

  • anten ved «sniffing» (analysere innhaldet i lufta og gi signal dersom mengda av somme stoff i lufta aukar)
  • eller visuelt å «sjå» røyken

Når det blir oppdaga røyk, går det eit signal til sentralapparatet, som sender signalet vidare. Det utløyser ein aksjon i form av varsling, utrykking av vektarar eller tilkalling av brannstellet.

Vassdetektorar

Det blir også meir og meir vanleg å knyte vassdetektorar til sentralapparatet. Dersom det kjem vatn over eit visst nivå der vassdetektoren er plassert, blir alarmen utløyst. I tillegg går det an å kople til ein ventil som stengjer hovudvasskrana når vassalarmen går.

Gassdetektorar

Somme detektorar sniffar etter gass, propan eller LNG (flytande naturgass). Dersom for eksempel gassflaska til grillen lek, og detektoren er i same rommet, gir han eit signal til sentralapparatet, som utløyser ein gassalarm.

Sentralapparatet

Sentralapparatet er hjernen i alarmsystemet. Han sender nødvendig informasjon vidare til ein alarmstasjon som er døgnbemanna. Dei tilsette på alarmstasjonen ringjer då oftast opp kunden eller rykkjer ut til staden. I tillegg kan dei varsle politiet eller brannstellet.

Dersom ein av detektorane triggar ein alarm, sender sentralapparatet ein «informasjonspakke» til alarmstasjonen. Operatøren på stasjonen ser då at ein røykdetektor er utløyst – altså brann.

Somme alarmsystem sender i tillegg melding om kva slags detektor signalet stammar frå, slik at operatøren veit i kva rom det brenn. Det kan vere svært viktig informasjon for brannstellet.

Etter at detektoren er utløyst, må han på nytt klargjerast. Det vil seie at han må stillast attende til vanleg modus. Nye system gjer dette automatisk.

Sentralapparatet har også eit panel der vi må taste inn ein kode for at alarmen ikkje skal utløysast. Som eit alternativ til kode kan vi bruke inngangskort. Dette kortet kan programmerast slik at alarmen ikkje blir tilkopla i opningstidene til bedrifta.

Overføring

Dei fleste alarmane har i dag ein innebygd GSM-sendar som sender signalet over mobilnettet. I sentralapparatet sit det eit sim-kort, og ein mobiltelefon ringjer opp alarmsentralen med ei melding (SMS) eller via GPRS (datadelen av mobilnettet). Nokre system opnar også for tale, slik at alarmoperatøren kan høyre kva som skjer, og snakke over kontrollpanelet (som både har ein mikrofon og ein høgtalar montert).

Les meir ...

Bedrifter som treng svært høg sikring, har fleire overføringsmåtar over telefonlinja. I tillegg er linja konstant overvakt. Dersom nokon kuttar linja, går det likevel ein alarm til alarmsentralen. Då viser systemet at det er linjebrot, og det blir aksjonert som om det var innbrot.

Relatert innhald

Er heimen din godt nok sikra? Oppgåva under skal hjelpe deg til å tenkje gjennom og komme med forslag til tryggingstiltak.

CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Tryggingstiltak