Hopp til innhald

Fagstoff

Informasjonskjelder på Internett

Vi har mange ulike kjelder for informasjon: bøker, blad, aviser, tv, radio, venner, familie, lærarar, arbeidskollegaer og sjølvsagt Internett.
Informasjon på Internett
Opne bilete i eit nytt vindauge

Endå om Internett berre er ei av mange moglege informasjonskjelder, kan vi dele nettet inn i fleire underkjelder.

Generelle søkjesider

Vi bruker søkjesider for å finne fram til nettsider som inneheld informasjon om det vi leiter etter eller lurer på.

Den mest kjende og mest brukte søkjesida er Google søk (www.google.no). Her kan du søkje etter nettsider, bilete og nytt frå heile verda.

Men Google er ikkje den einaste søkjesida. Det finst mange alternativ både for generelle og spesialiserte søk:

  • bing.no (www.bing.no) er søkjesida til Microsoft. Ho gjekk tidlegare under namnet Live Search og MSN Search.
  • Kvasir nyhetssøk (www.kvasir.no) er ei norsk søkjeside som særleg fokuserer på norske nettsider. Kvasir gir også høve til å søkje på sosiale medium og bloggar, dessutan ei eiga søkjeside for barn: Kvasir Junior (www.kvasir.no/jr).

Når du bruker søkjesider som Google, er det viktig å vere klar over at resultata av eit søk blir sorterte etter kor relevante og populære nettsidene er. Ei nettside med mange besøk, som andre sider er lenkja til, kjem høgare opp på lista enn mindre populære sider.

Selskapa som driv søkjemotorar, skal også tene pengar. Det gjer dei mellom anna ved å selje søkjeord. Eit firma eller ein organisasjon betaler for å kome øvst på resultatlista når nokon søkjer på eit bestemt ord.

Om du for eksempel søkjer på ordet «kurs» i Google, er det privatskular som kjem øvst på resultatlista. Dei betalte treffa er markerte på farga bakgrunn.

Spesialiserte søkjesider

Trass i at dei generelle søkjesidene blir nytta oftast, er dei fleste søkjesidene på Internett spesialiserte. Det vil seie at dei blir nytta til å søkje etter ein viss type informasjon eller informasjon innanfor eit avgrensa emne.

Det finst spesialiserte søkjesider for nesten alle bransjar og emne, for eksempel:

  • Gule sider (www.gulesider.no) kan du søkje etter adresse og telefonnummer til firma og personar i Noreg.
  • Hotell.no (www.hotell.no) og Hotels.com (www.hotels.com) kan du søkje etter ledige rom på hotell over heile verda.
  • Vis veg (www.visveg.vegvesen.no) kan du søkje på stader og reiseruter i Noreg.
  • yr.no (www.yr.no) og Storm.no (www.storm.no) kan du finne vêret for dei fleste stadene i verda.
  • FINN.no (www.finn.no) kan du søkje etter hus, bilar, båtar og anna som er til sals.

Lista over spesialiserte søkjesider kan gjerast lang, og du kan sikkert finne mange gode eksempel sjølv.

Digitale oppslagsverk

Digitale oppslagsverk er nettstader som har samla og ordna informasjon på same måten som i eit leksikon. Dei fleste digitale oppslagsverka har også ein innebygd søkjefunksjon som gjer det lett å finne informasjonen.

Eksempler på digitale oppslagsverk:

  • Språkrådet (www.sprakrad.no) har ordbøker, rettskriving og ordlister.
  • Lovdata (www.lovdata.no) inneheld alle lovene og reglane i Noreg.
  • Wikipedia (www.wikipedia.no) er eit nettleksikon som blir skrive og oppdatert av dei som bruker det.
  • Store Norske Leksikon (www.snl.no) er eit norsk leksikon frå Kunnskapsforlaget. Her finst også Norsk biografisk leksikon og Store medisinske leksikon.
  • Statistisk sentralbyrå (www.ssb.no) har tal og statistikk om det meste som skjer i Noreg.
  • CIA – The World Factbook (https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/index.html) er ein amerikansk nettstad med informasjon om alle landa i verda.

Nettaviser

Mest alle aviser og stadig fleire magasin blir publiserte på Internett i tillegg til papirutgåva. Ein del av dei finst berre på Internett. Nettstaden Onlineaviser.no (www.onlineaviser.no) har eit oversyn over dei fleste nettavisene, magasina og fagtidsskrifta som blir publiserte på nett i Noreg. I tillegg finn du også lenkjer til tilsvarande svenske og danske medium.

Aviser og fagtidsskrift er ofte ei god informasjonskjelde fordi dei har redaktørar som er ansvarlege for at innhaldet blir kontrollert og er rett.

Adressa.no

Offentlege nettstader

Styresmaktene og offentlege institusjonar har eigne nettstader med informasjon. Lenkjene til desse stadene er samla på ein portal som heiter norge.no (www.norge.no).

Styresmaktene arbeider aktivt for at den informasjonen som blir lagd ut på offentlege nettstader, skal vere så tilgjengeleg som råd og ha best mogleg kvalitet. Mellom anna har dei innført ei eiga kvalitetsmerking av offentlege nettsider.

norge.no

Nettsidene til bedriftene

Dei fleste bedriftene har eigne nettsider med informasjon om kva dei driv med, og korleis dei kan kontaktast. Etter kvart har mange også fått eigne profilar på Facebook og andre sosiale medium.

Endå om dei fleste bedriftene prøver å gi så korrekt informasjon som råd, er dei òg interesserte i å framstille seg sjølve og produkta sine i eit mest mogleg heldig lys. Med unntak av fakta, for eksempel kontaktinformasjon, må du alltid tenkje på at den informasjonen du finn på nettsidene til bedriftene, også er ei form for reklame. Bedriftene legg sjeldan ut informasjon om sine svake sider eller problem.

Fag- og bransjesider

I tillegg til fagtidsskrift (sjå avsnittet om nettaviser) finst det også mange nettstader for dei ulike bransjane. Det kan vere fagorganisasjonar, arbeidsgivarorganisasjonar eller interesseorganisasjonar.

Jamvel om slike organisasjonar også har interesse av å framstille bransjen så positivt som råd, er informasjonen gjerne meir nøytral enn den du finn på bedriftssidene.

Nokre eksempel på fag- og bransjesider:

Bloggar og private nettsider

Private nettsider, bloggar og forum er også kjelder til informasjon, men her må du ha auga med deg. Det kan vere vanskeleg å vite om den informasjonen du finn, er skriven av ein rutinert fagperson eller ein skuleelev. Det er ingen som er ansvarlege for å kontrollere informasjonen som blir lagd ut ut på private nettsider, og det er sjeldan feil blir retta opp. Bloggane er gjerne også prega av dei personlege meiningane, kjenslene og røynslene til eigaren.

Men somme gonger er det nettopp personlege meiningar og lærdommar vi er ute etter, for eksempel når vi ønskjer informasjon om kva andre synest om eit produkt eller ei teneste.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Bruk av digitale verktøy