Fagstoff

Kva truar og påverkar biomangfaldet?

Publisert: 07.12.2011, Oppdatert: 17.09.2018
Myrgrøfting i Klæbu, Sør-Trøndelag

Det er mange årsaker til tap av biomangfald. Den viktigaste årsaka er at leveområda til mange artar blir øydelagde ved fysiske inngrep. Andre truslar mot biomangfaldet kan vere forureining, klimaendringar, hausting og introduksjon av framande artar.
Jordbruk, skogbruk og utbyggingar av ulike slag (bustadfelt, industri, vegar) medverkar mest til å endre areala.

Tre norgeskart med fargekoding.Tap av villmarksprega område i perioden 1900 – 2003. 

En tråler ligger ved kai bak politisperring.November 2005: den spanske trålaren Garoya Segundo ligg i arrest i Tromsø, mistenkt for ulovleg blåkveitefangst.

Fragmentering

Eit stort problem er at mykje natur går tapt bit for bit, såkalla fragmentering av landskapet. Det er vanskeleg å seie at akkurat den skogteigen eller den bekken er avgjerande. Men den samla effekten av at mange skogar blir hogne og mange bekker blir forureina eller lagde i røyr, blir ofte for stor. Når det blir for langt mellom kvar eigna levestad, vil artane få problem med å spreie seg, og det blir fare for innavl. Denne effekten kjem i tillegg til at leveområda blir færre og mindre.

Stans i tradisjonell bruk av kulturlandskapet kan òg føre til at viktige naturtypar og artane som lever der, blir borte. Dette gjeld særleg plantar og insekt.

Arealendringar som gjer at biomangfaldet forsvinn (sjå vedlagte presentasjon)

  • Tap av villmarksprega område
  • Lukking, senking og planering av elvar og bekker
  • Utbygging og utretting av elvar
  • Oppdyrking og intensivert bruk av jordbruksareal
  • Utbygging og gjengroing i fjellet
  • Utbygging og gjengroing ved kysten

Utbygging og gjengroing ved kysten. Tjøme i 1911 og 2004.

Marihøne. Foto.Harlekinmarihøne, også kalla monstermarihøne, er ein ny art som kan truga artsmangfaldet i Noreg. Marine økosystem er utsette for stort press som følgje av overfiske, forureining og havforsuring. I sørlege delar av landet er forsura vatn og vassdrag framleis eit problem for fisk og andre organismar i vatn.

Klimaendringane vil føre til at leveområde blir endra, og at nye artar etablerer seg. Ein del av desse artane kan det kanskje bli hyggjeleg å få på besøk. Men mange kan gjere skade på avling, vere sjukdomsspreiarar og/eller fortrengje dei opphavlege artane.