Fagstoff

Kvifor skal vi ta vare på biomangfald?

Publisert: 08.12.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Blomstereng i Vesterålen

Biomangfaldet er nødvendig for at økosystema skal fungere. Kanskje legg dei færraste merke til om ein sjeldan plante- eller dyreart forsvinn frå eit naturområde, men det kan ha ei avgjerande rolle for korleis økosystemet fungerer. Vi veit altfor lite om funksjonen artane har i økosystema. Denne usikkerheita er ein viktig grunn til at vi må ta vare på alle artar, det såkalla føre-var-prinsippet.

Økologiske argument

Ørn sitter på en død rødrev.  Alle organismar er ein del av eit komplisert samspel i naturen. Per i dag veit vi for lite om dette samspelet då det enno er mange artar som ikkje er godt nok undersøkte. Her følgjer ei oversikt over og eksempel på nokre av dei viktigaste funksjonane ein art kan ha i naturen. 

  
 
 
 
 
 

Etiske argument

 
 
 
 
  
 

Estetiske argument

Velbrukt sti gjennom grønn skog.  Livskvalitet og trivsel handlar om meir enn materiell velferd. Befolkninga treng òg ei "grøn velferd". Naturopplevingane betyr mykje for oss. Når vi treng avkopling frå det daglege maset, søkjer vi etter stille, skjønnheit og positive opplevingar. Den estetiske skjønnheita ein opplever ved å sjå fargespel, former og samspel i urørt natur, gir tilfredsstilling, inspirasjon og glede for mange.

 
 
  

Økonomiske argument

Maten, bygningsmateriala og kleda vi bruker, stammar frå ressursar som vi haustar av i naturen. I tillegg nyt vi godt av "varene og tenestene" i naturen i form av reinsing av vatn og luft, klimaregulering og produksjon av oksygen.

Treng vi så mange ulike artar? Reint økonomisk er det mange fleire artar som har verdi enn det vi veit og tenkjer på til dagleg. Mange kan etter kvart utnyttast økonomisk gjennom genteknologi. Stadig ny kunnskap og ein raskt veksande industri har gitt oss verktøy som gjer at vi kan utnytte økonomisk verdifulle eigenskapar som gena til artane har. Biokjemiske prosessar blir for eksempel brukte til produksjon av medisinar og reinsing av avfall.

Fargerik frosk på et brunt blad.Pilegiftfrosk. Mange slektningar av denne frosken er ennå ukjende.
Fotograf: Lars K.
Leiting etter gen og stoff blir kalla bioprospektering, og mange selskap køyrer eit kappløp for å ta patent på det dei finn – i Noreg òg. På 1960-talet blei det funne ein sopp (Cyclosporin) på Hardangervidda som inneheld viktige stoff som blir brukte ved organtransplantasjonar, og som no gir milliardinntekter til det sveitsiske legemiddelfirmaet som har patentet. Eksemplet med hardangerviddasoppen og cyclosporin. 

FN har nyleg utarbeidd ei rekkje rapportar (for fleire sektorar) som prøver å kartleggje kva tenestene vi får frå naturen, er verde i kroner og øre. Dette er tenester som flaumsikring, mat, reint vatn og luft, pollinering og mykje anna. Ut frå slike rapportar skal ein lettare kunne vurdere dei globale kostnadene ved nedbryting av økosystem og tap av biomangfald. Arbeidet med rapportane blir kalla TEEB, som står for The Economics of Ecosystems and Biodiversity. Miljøverndepartementet vurderer å lage ei norsk oppfølging av FNs TEEB-rapportar.