Hopp til innhald

Fagstoff

Biologisk mangfald – artar, gen og økosystem

Omgrepet biologisk mangfald viser til at det finst mange artar, genetisk variasjon innanfor artane og mange ulike økosystem. Alle desse tre nivåa er viktige, og dei påverkar kvarandre.
Tredelt figur som viser ulike nivå av biologisk mangfald. Øvste del er eit DNA-molekyl og ugler. Midtarste del er ei samling av ulike artar. Nedste del er eit økosystem med ein innsjø, elv, tre og dyr. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Artar

Frosk som sit på ei grein av eit bartre. Foto.

Det biologiske mangfaldet på jorda er så omfattande at ingen har oversikt over alle artane som finst. Vi trur det er mellom 3 og 12 millionar artar i verda. I Noreg er det registrert cirka 40 000 artar. I tillegg trur vi at det finst cirka 20 000 artar som enno ikkje er oppdaga. Den største dyregruppa på land er insekt, som det er påvist cirka 16 000 artar av i Noreg.

Kvar art har sin eigen som beskriv korleis ein art lever og bruker ressursar. Kvar enkelt art er tilpassa miljøet på sin spesielle måte. Derfor kan talet på og samansetninga av artar i eit område fortelje oss om naturen i området er frisk og intakt.

Genetisk variasjon

Fjellbjørkeskog med frodige urter. Foto.

Genetisk variasjon gjer at individ av same art har forskjellar i utsjånad og eigenskapar. Den genetiske variasjonen gjer at arten kan tilpasse seg leveområdet sitt. Utan eit minimum av genetisk variasjon vil arten vere sårbar for miljøforandringar, sjukdom og frå andre artar. Individ med gen som er betre tilpassa miljøet arten lever i, har større sjanse for å overleve og reprodusere enn dei som har dårlegare tilpassa gen.

Lokale særpreg er ein del av den genetiske variasjonen til ein art. Eit døme er det store mangfaldet av laksestammar i Noreg. Fordi villaksen finn tilbake til si eiga fødeelv for å gyte, har det utvikla seg ei rekkje ulike stammar av laks. Kvar av desse er genetisk og lokalt tilpassa livet i si elv.

Økosystem og leveområde

Geitrams i strandsona ved innsjø. Foto.

Eit økosystem inkluderer både det fysiske miljøet i eit bestemt område og dei av levande organismar som lever der. Ein naturtype er eit einsarta område i naturen som omfattar plante- og dyreliv og miljøfaktorar som fuktigheit, berggrunn og næringstilgang. Storleiken varierer frå små område som eit gammalt tre, ein vegkant eller ein dam til store område som fjell, ein urskog eller ein fjord.

Eit rikt mangfald av økosystem og naturtypar er ein føresetnad for eit stort artsmangfald, fordi det gir mange og varierte leveområde for artar som stiller ulike krav til miljøet.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og SABIMA.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2021

Læringsressursar

Biologisk mangfold