Fagstoff

Vern av biomangfald

Publisert: 07.12.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Korallandskap

Definisjon av biomangfald
Omgrepet biomangfald viser til at det finst eit stort tal forskjellige organismar, det vil seie mange artar, genetisk variasjon innan artane og mange ulike (altså eit mangfald av) økosystem. I tillegg omfattar omgrepet biomangfald dei økologiske samanhengane som økosystema og artane er ein del av.

1.    Økosystemer og naturtyper

Eit økosystem inkluderer både det fysiske miljøet i eit bestemt område og dei samfunna av levande organismar som lever der. Ein naturtype er eit einsarta område i naturen som omfattar plante- og dyreliv og miljøfaktorar som fukt, berggrunn og næringstilgang. Storleiken varierer frå små område som eit gammalt tre, ein vegkant eller ein dam til store område som fjell, ein urskog eller ein fjord. Eit rikt mangfald av økosystem og naturtypar er ein føresetnad for eit stort artsmangfald, fordi det gir mange og varierte leveområde for artar som stiller ulike krav til miljøet.

 

2.    Arter

Frosk som sitter på ei grein av et bartre.Spissnutefrosk, Finnsrudelva i Eidskog, Hedmark.
Fotograf: Ove Bergersen
Biomangfaldet på jorda er så omfattande at ingen har oversikt over alle artar som eksisterer. Ein trur det er mellom 3 og 12 millionar artar på verdsbasis. I Noreg er det registrert cirka 40 000 artar. I tillegg trur vi at det finst cirka 20 000 artar som enno ikkje er oppdaga. Den største dyregruppa på land er insekt, som det er påvist cirka 16 000 artar av i Noreg. Kvar art har sin eigen nisje som beskriv korleis ein art lever og bruker ressursar. Kvar enkelt art har si spesielle miljøtilpassing. Derfor kan talet på og samansetjinga av artar i eit område fortelje oss om naturen i området er frisk og intakt.

3.    Genetisk variasjon

Fjellbjørkeskog med frodige urter.Sølende naturreservat, Brekken. Marikåpeplantene ser ganske eins ut, men dei kan ha ulikt arvemateriale.
Fotograf: Ove Bergersen
Genetisk variasjon gir forskjell i utsjånad og eigenskapar mellom individ av same arten. Den genetiske variasjonen gjer at arten kan tilpasse seg leveområdet sitt. Utan eit minimum av genetisk variasjon vil arten vere sårbar for miljøendringar, sjukdom og konkurranse frå andre artar. Individ som har gen som er betre tilpassa miljøet arten lever i, har større sjanse til å overleve og reprodusere enn dei som er mindre tilpassa. Lokale særpreg er ein del av den genetiske variasjonen til ein art. Eit eksempel er det store mangfaldet av laksestammar i Noreg. Fordi villaksen finn tilbake til si eiga fødeelv for å gyte, har det utvikla seg ei rekkje forskjellige stammar av laks, kvar genetisk og lokalt tilpassa livet i si elv.

Oppgåver
Relatert innhald