Fagstoff

Informasjonskløfter og digtale skilje

Publisert: 07.12.2011, Oppdatert: 04.03.2017

mediehverdag  

Hugselappen

Tilgang til informasjon og moglegheit for å uttrykkje eigne meiningar er viktig i eit demokratisk samfunn.

 

Informasjonskløfter oppstår når folk har ulik tilgang til informasjon.

 

Utvikling av digital kompetanse er eit viktig tiltak for å motverke digitale skilje.

 

Ressursar

et eldre ektepar lytter på radioRadiogåvefondet, som blei stifta i 1937, skaffa radioar til gamle og sjuke.

 

Nettmagasinet Gemini om
Den digitale kløfta

 

Pers blogg om

Det digitale klasseskiljet 

 

 

 

Forskingstips

Er det slik at ...

  • alle klarer å bruke søkjemotorar for å finne svar på ting dei lurer på?
  • alle ser forskjell på rett informasjon og rein bløff?
  • alle elevar bloggar og publiserer filmar på You Tube?

gutt ser fjernsyn i flyktningeleirTilgang til informasjon er viktig for dei fattige i verda. 

Til debatt

Er du samd i påstanden:

– Å kunne bruke PC og Internett er like viktig som å kunne lese og skrive.

 

Professor Rune Krumsvik (UIB) om digitale skilje i skulen. 

Digitale skilje

Dei fleste i Noreg brukar Internett, og meir enn 80 prosent har breiband heime. Altså har svært mange av oss tilgang til den enorme mengda informasjon som finst på nettet, og til sjølv å ytre seg i denne globale kanalen. SINTEF-forskar Petter Brandtzæg hevdar at det å kunne bruke PC og Internett snart er like viktig som å kunne lese. Difor er digital kompetanse nedfelt som grunnleggjande ferdigheit i norske læreplanar.

Dei nye media gjev oss tilgang til store mengder informasjon og gjer det enkelt å ta del i samfunnsdebatten. Men ikkje alle gjer seg nytte av denne moglegheita. Vi bruker media ulikt. Difor oppstår det informasjonskløfter eller digitale skilje mellom generasjonar, verdsdelar og menneske med ulik kulturell kapital.

Tidlegare blei nemninga digitale skilje brukt for å peike på skilnadene mellom dei som hadde tilgang til datautstyr og nettsamband, og dei som ikkje hadde det. Både utstyr og oppkopling kosta ein god del pengar og kravde eit minimum av teknisk innsikt. Dessutan var det først og fremst større byar som hadde raskt nettsamband. Det var altså ei skeivfordeling der folk med god inntekt og utdanning hadde dei store fordelane, særleg dei som budde i byane.

Eit skilje blir viska ut, nye veks fram

I dag er både datamaskiner og nettsamband billegare og enklare å betene, og stort sett alle område her i landet der det bur folk, har brukbare oppkoplingstilhøve. Dei som ikkje har ordna seg med utstyr heime, kan kome på nett på biblioteket eller på ein nettkafé. I velferdsstaten Noreg blir det dessutan sytt for at alle som går på skule, får tilgang til og opplæring i digital mediebruk.

Skiljet mellom dei som har tilgang til nettet og ikkje, er altså nesten viska ut. Likevel er ikkje nemninga digitale skilje lagt bort. Det viser seg nemleg at det oppstår systematiske skilnader på korleis folk klarar å dra nytte av nettet. Nokre hentar ut mengder med ny kunnskap, andre lèt seg oftare spore av med underhaldning. Nokre kastar seg ut i blogging og lagar eigne nettsider, andre manglar kunnskap om korleis dette skal gjerast – eller lyst til å gjere det.

Les meir om forsking på digitale skilje

Ei forskargruppe i Bergen har gjort ei undersøking blant 1784 elevar i ulike vidaregåande skular og funne at mange nyttar sosiale medium og dataspel i timane. På denne måten lèt dei seg spore av frå det faglege arbeidet. Problemet viser seg å vere størst for elevar med lågare karakterar. Elevar med gode karakterar klarar i større grad å styre unna desse freistingane.

Ei undersøking blant ungdomsskuleelevar viser ein klår samanheng mellom gode karakterar og høg digital kompetanse.

Begge desse studiane peikar på den same tendensen til opphoping av gode som vi finn når vi studerer informasjonskløfter, kunnskapskløfter og sosiale skilje. Dei som kjem frå såkalla ressurssterke miljø, har større høve til å lukkast i skule og utdanning og få dei best betalte jobbane. Dei som har tileigna seg mykje kunnskap frå utdanning og lesing, kan lettare forstå den informasjonen dei finn i media – både på nett og elles – fordi dei har bakgrunnskunnskap som dei kan byggje vidare på.

Denne opphopingseffekten er ein tendens vi får auge på når vi studerer statistiske samanhengar. Ser vi på einskildmenneske, er det slett ikkje alltid slik. Det er ingen automatikk i at ein skal vere meir digitalt kompetent fordi om ein har gode karakterar, men statistisk er sjansane større. Dermed blir dette ei viktig sak for politikarar som ynskjer å leggje til rette for at alle får like sjansar til å gjere seg nytte av dei ressursane som ligg på nettet, og for forskarar som ynskjer å finne ut om dei politiske tiltaka lukkast.

skjul

 

Globale skilje

Noreg er eit av dei rikaste landa i verda, og utjamning av sosiale skilnader er viktig for oss. Difor har vi klart å redusere det tradisjonelle digitale skiljet som handlar om tilgjenge til datamaskiner og Internett. Men i store delar av verda er dette skiljet framleis eit problem. Det er mange fattige menneske i verda, og få av dei er på nett. Det er òg mange som lever under totalitære regime. Dei blir ramma av sensur og opplever at dei blir nekta tilgang til store delar av nettet.

Både samfunnsutvikling og økonomisk utvikling er knytt til det å vere på nett. Her ligg ressursar for utdanning og læring, informasjon og nyhende om kva som går føre seg i verda. Og her ligg høve til å opprette kontaktar og nettverk og drive næringsutvikling og politisk arbeid. Ein FN-rapport slår fast at tilgang til Internett bør vere ein menneskerett. Dette er med andre ord eit globalt fordelingsproblem.

Oppgåver

Generelt

Relatert innhald

Fordjupingsstoff for