Fagstoff

Råd om forbruk av potetar, pasta og ris

Publisert: 01.12.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Matvaregruppe: poteter, pasta og ris

Potetar, pasta og ris er viktige basismatvarer. Dei inneheld vitamin og mineral samtidig som dei nesten ikkje inneheld noko feitt.

bilde av bakte småpoteterbakte småpotetar  bilde av fullkornspastaFullkornspasta  bilde av svartrisrisottoSvartrisrisotto med blekksprut  bilde av pasta carbonaraPasta Carbonara 

 

Råd om forbruk av potetar, ris og pasta
Helsedirektoratet anbefaler kokte eller bakte potetar framføre chips og pommes frites. Dagens anbefaling om å ete meir potetar dreier seg om kokte eller bakte potetar i kombinasjon med andre matvarer til middag. Alle former for steiking av potetar aukar feittinnhaldet vesentleg. Dersom ein vel ferdige potetprodukt, slik som pommes frites, kan ein velje dei med lågast feittinnhald og steikje dei i omnen utan å setje til meir feitt. Potetar med smørsaus og fløytegratinerte potetar er feittrike, og vi bør derfor unngå dei i den daglege kosten.  Du kan godt variere mellom kokte potetar, pasta og ris, og vel gjerne pasta laga på fullkornmjøl eller uraffinerte ristypar (dei brunlege ristypane). I fullkornpasta og uraffinert ris finn ein fleire næringsstoff og meir kostfiber enn i pasta laga på sikta kveitemjøl og i den raffinerte kvite risen.  

Kvifor bør vi framleis ete potetar, ris og pasta? 
Kokte/bakte potetar er ei allsidig næringskjelde og bidreg mellom anna med kostfiber, vitamin C, folat og antioksidantar. Potetar har òg eit høgt innhald av kalium som kan vere gunstig for blodtrykket. Dessutan bidreg kokte/bakte potetar med energi utan å tilføre feitt og sukker.  Ein porsjon kokte/bakte potetar (150 g) inneheld 105 kcal (440 kJ), mens tilsvarande mengd pommes frites kan innehalde 360 kcal (1520 kJ) og potetchips 790 kcal (3295 kJ).  Samanlikna med ris og pasta inneheld potetar mindre energi per vekteining og meir av fleire vitamin og mineralstoff per kalori.  

Poteten har vore gjenstand for heite diskusjonar dei seinare åra. Det har vore diskutert om poteten, på grunn av det naturleg høge karbohydratinnhaldet, har vore medskuldig i overvektsepidemien vi ser i dag. Potetar og andre rotfrukter, og ris og pasta, er basale matvarer for størstedelen av innbyggjarane i verda. Den samla vitskaplege dokumentasjonen gir ikkje grunnlag for å råde folk til å kutte desse matvarene frå kosten for dermed å førebyggje overvekt.  Dei som skal gå ned i vekt, bør redusere inntaket av potetar, ris og pasta.  

Kor mykje et vi? 
Forbruket av friske matpotetar er meir enn halvert sidan 1970-åra, mens forbruket av behandla potetar er femdobla. Potetar til potetprodukt, som pommes frites og chips, utgjer no over halvparten av den totale potetomsetnaden mot cirka 10 prosent i 1975. Det går med omtrent 4 kilo friske potetar for å lage 1 kilo potetchips.  For hundre år sidan var forbruket av potetar i Noreg meir enn dobbelt så stort som i dag. Potetforbruket varierer mykje mellom ulike land og område, sjå figur i margen på høgre sida.  Risforbruket er dobla frå cirka 3 kilo til 6 kilo per innbyggjar per år dei siste 15 åra.

bilde av bakte poteterBakte poteter  

Relatert innhald

Dekkjer delvis