Fagstoff

Oppkutta frukt

Publisert: 29.11.2011, Oppdatert: 04.03.2017
Ung jente spiser fruktsalat

Dersom du kuttar opp frukta før du serverer ho, vil du sjå at alle et dobbelt så mykje. Det smaker godt, og det er godt å knaske på. Rekn omtrent 200 g eller 6–8 bitar per person når du skal servere frukt eller grønsaker oppkutta som snacks.  La skalet vere på, då er det lettare og reinslegare å ete med fingrane. Vil du servere utan skal, kan det vere lurt med gaffel eller små pinnar.

Forskjellige typar bær. Foto.Frukt og bær bilde av fruktsalatFruktsalat
Opphavsmann: Opplysningskontoret for egg og kjøtt
bilde av fruktsalatOppdelt frukt
Opphavsmann: Opplysningskontorene i landbruket , Sarah Cameron, Bent Raanes
Fruktblanding. Foto.Oppdelt frukt bilde av frukt og bærfrukt og bærbilde av et fruktbordFruktbord
Fotograf: Berit Keilen

 

Kor mange bitar blir det, og korleis bør eg kutte opp frukta?
1 kg appelsinar = 32–40 båtar med skal
1 kg kiwi = 40 båtar med skal
1 kg banan = 28 bitar (kvar banan i 2–3 delar med skal) 
1 kg druer = 100 stk., heile
1 kg eple = 64 båtar utan kjerne 
1 kg melon = 30–35 trekantbitar med skal
1 kg honningmelon = 35 trekantbitar med skal
1 ananas (ca. 1 kg) = 30 bitar utan skal eller trekantbitar med skal 

Annen frukt:
Mango – i båtar med skal eller som terningar utan skal og med cocktailpinne 
Pasjonsfrukt – del i to
Jordbær – heile
Stjernefrukt – i skiver
Physalis – heile
Litchi – med skalet på (blir ete utan skal og stein)
Ferske dadlar – heile
Ferske fikenar – del i to
Papaya – i båtar med skal eller som terningar utan skal og med cocktailpinne  

Tips: 
Kuttar du opp eple? Prøv ein epledelar, han tek bort kjernen og deler eplet i båtar.  Når du kuttar opp eple eller pærer, kan du leggje dei i litt sitronvatn, så unngår du at fruktkjøttet blir brunt.

Når du deler opp ein ananas, skal du skjere bort den litt stivare kjernen i midten.  Fersk ananas kan verke mageregulerande og er derfor ypparleg som dessert etter ein tung middag. 

Slik kuttar du opp mango: Steinen er flat, så du skal skjere på kvar side av han slik at du får to halvdelar. Deretter rutar du opp fruktkjøttet i kvar halvdel og vrengjer skalet bakover. 

Når du kuttar opp ein melon med steinar, bør du dele han i to og fjerne steinane med ei skei før du skjer han opp. 

Vaska og rive lime- eller sitronskal er godt over oppskoren frukt, i fruktsalat eller i ein varm dessertwok. 

Til barna kan du òg dandere figurar av frukt på ein tallerken.  Kva med å lage eit fruktspyd av den oppkutta frukta? Delikat, dekorativt og godt. 

Skjer frukt og grønsaker (for eksempel melon, jordbær, kålrot og agurk) i tynne skiver, og klipp skivene slik at dei liknar på fiskar, krokodillar eller haiar. Ha fiskane i ein "akvariebolle" med kaldt vatn. Fest ein fiskekrok av ståltråd i enden av eit snøre, og la barna prøve fiskelykka. Desse fiskane kan etast rå!

Relatert innhald