Hopp til innhald

Fagstoff

Kartlegging av risiko

Når vi skal kartlegge risikoen for ei uønskt hending, som til dømes ein brann, må vi vurdere både sannsynet for at det skal oppstå brann og konsekvensar av ein eventuell brann.
Eit privathus er overtent. Svart røyk og kraftige flammar stig opp. Det er tett busetnad, men huset ligg til sjøen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjekkliste for risikokartlegging

Når vi skal kartlegge risiko, kan vi følge ei enkel sjekkliste: Vi hentar inn informasjon, vurderer sannsynet for og konsekvensane av at noko uønskt skjer, og bereknar til slutt risikoen.

1. Innhent informasjon

Informasjon om tidlegare ulykker, nestenulykker, innbrot, brann og flaum kan hentast inn frå rapportar om historiske hendingar og frå statistikkar.

Politiet kan til dømes hente inn data om organisert kriminalitet frå etterretningsrapportar. Ut frå desse rapportane kan politiet hindre innbrot, mellom anna ved at dei på førehand kjenner til internasjonale tjuveribandar på veg til Noreg.

Dersom det er vanskeleg å finne informasjon på nett eller i rapportar, kan vi setje oss saman i ei gruppe og bruke ulike idémyldringsteknikkar. Då førestiller vi oss det aller verste som kan skje bedrifta, og lagar ei liste over alt som kan gå gale, og kva konsekvensar det kan ha.

2. Vurder sannsyn og konsekvens

Når vi har laga ei liste over moglege uønskte hendingar, vurderer vi sannsyn og konsekvens. Vi gir ein talverdi til kvar grad av sannsyn og konsekvens.

Du kan til dømes vurdere sannsynet for og konsekvensen av ein eventuell brann hos bedrifta.

Sannsyn

Talverdi

Lite sannsyn

1

Middels sannsyn

2

Stort sannsyn

3

Konsekvens

Talverdi

Liten konsekvens

1

Middels konsekvens

2

Stor konsekvens

3

Kanskje konkluderer du med at sidan bygninga består av mykje betong, er det relativt lite sannsynleg at det skal oppstå ein brann. Men om det først begynner å brenne, går du ut ifrå at konsekvensane vil vere store for bedrifta.

3. Berekn risiko

Når du har talfesta sannsyn og konsekvens, kan du berekne risikoen. Risiko kan vi sjå som resultatet av sannsyn multiplisert med konsekvens:

Risiko = sannsyn* konsekvens

Risiko for brann

Konsekvensar av brann

Sannsyn for brann

liten konsekvens 1

middels konsekvens

2

stor konsekvens 3

lite sannsyn

1

1 • 3 = 3

middels sannsyn

2

stort sannsyn

3

Dersom du sette sannsynet for at det kan begynne å brenne lik 1, og konsekvensen lik 3, er risikoen 1 • 3 = 3 Risikoen er med andre ord lik 3 på ein skala frå 1 til 9.

Når du har gjort dette, ser du lett kva risikoar du må setje inn tiltak for å unngå. Vidare ser du kva risikoar som har liten konsekvens og lite sannsyn, og som du derfor ikkje treng gjere noko med.

På denne måten kan du vurdere alle typar risiko – som risikoen for å bli sjuk eller skadd, tape pengar eller omdømme, miste gjenstandar eller få øydelagt verdiar.

Risikoanalysen vi har sett på i dette dømet, er ei kraftig forenkling, men tankegangen er riktig. Kor stor risikoen forbunde med ei uønskt hending er, avheng av sannsyn og konsekvens.

Restrisiko

Når vi har gjort ei vurdering av risiko, og sett inn tiltak slik at risikoen blir så liten som mogleg, er risikoen likevel ikkje heilt borte. Vi seier då at vi har ein restrisiko.

Ta til dømes eit kraftig jordskjelv av ein type som i gjennomsnitt berre skjer kvart 5000 år. Sist det kom eit slikt jordskjelv, var for 2500 år sidan. Sjølv om konsekvensane er katastrofale, er det ingen vits i å gå rundt og verne seg heile tida. Men det finst likevel ein risiko som det må lagast beredskapsplanar for, dersom jordskjelvet likevel skulle komme i levetida di.

Arbeider du som vektar, er risikoen for tjuveri noko du må ta på alvor. Sjølv om bedrifta du vaktar, har installert alarmar og kameraovervaking, driv haldningskampanjar for dei tilsette og har sett i verk alle tiltak som er vurderte til å vere nødvendige, kan ein tjuv likevel klare å gjere innbrot og stele verdiar.

Vi bør derfor alltid ha beredskapsplanar for restrisiko.

CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 17.08.2023

Læringsressursar

Risikovurdering