Hopp til innhald

Fagstoff

Truslar og verdiar

Kva slags trugsmål står vi overfor på ein arbeidsplass? Er vi godt nok sikra mot innbrot eller brann? Og kva verdiar er det viktig å verne om?
Illustrasjon for internettsikkerhet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trugsmål

Ei bedrift kan møte mange ulike trugsmål. Somme av dei er svært alvorlege, andre mindre alvorlege.

Tenk deg at du arbeider som logistikkmedarbeidar på eit lager. Lageret ditt inneheld kostbart IT-utstyr, men rommar også farlege kjemikalium. De er om lag 20 tilsette. Her er nokre av trugsmåla bedrifta kan stå overfor:

  • Kriminalitet: Tilsette eller framandfolk stel lagervarer til eigen bruk eller vidaresal.
  • Skadar og uhell: Tilsette kjem ut for arbeidsulykker i tilknyting til truckkjøring eller lasting og lossing av varer.
  • Miljøskadar: Farlege kjemikalium lek frå lageret og forgiftar nærmiljøet.
  • Sjukdom: Ein influensaepidemi gjer 50 % av dei tllsette sjuke på same tid.
  • Driftsproblem: IKT-systemet som lageret bruker til å køyre ut ordrekvitteringar, plukk- og pakklister, fakturaer og lagerrapportar, krasjar.

Det er altså mange typar trugsmål vi står overfor når vi arbeider i ei bedrift. Derfor er det viktig å tenkje gjennom kva verdiar som er utsette for dei største trugsmåla, og kven og kva som utijer trugsmålet mot kvar av verdiane.

Eksempel: Uærlege medarbeidarar

Somtid er det dessverre dei tilsette som er eit trugsmål for bedrifta. Underslag av pengar og mindre tjuveri frå kontor og fabrikkar er ei stor utfordring for mange verksemder. Jamvel noko så vanleg som å ta med penn og papir heim frå jobben blir rekna for steling. Du risikerer faktisk å få sparken.

Å kunne lite på dei tilsette er ekstra viktig for høgteknologiske bedrifter. Tenk om resultatet av ti års forsking i eit medisinsk konsern blir selt til ein konkurrent? Eller at designen på den nye mobiltelefonen til en av dei største produsentane blir kopiert før mobilen er lansert? Dei økonomiske konsekvensane for verksemda kan bli kolossale.

Les meir om tryggingsreglar

Mange bedrifter har eigne reglar for å sikre at informasjon eller varer ikkje blir borte frå bedrifta gjennom dei tilsette. I somme bedrifter får dei tilsette berre tilgang til informasjon som er relevant for jobben dei skal gjere. Nokre av dei tilsette skal berre designe knappane på den nye telefonen, andre designar baksida, osv. I somme sikringsklarerte bedrifter har ektefolk, sambuarar eller kjærastar ikkje lov til å arbeide saman. Dersom to kollegaer blir kjærastar eller gifter seg, må ein av dei derfor slutte fordi to personar lettare får overblikk over verksemda og kan utnytte eventuelle veike sider. Lojaliteten som dei to har til kvarandre, er ofte større enn til bedrifta.

Verdiar

Verdiane i ei bedrift heng saman med det bedrifta lagar og sel. Dei tilsette utgjer ofte ein stor del av verdiane i form av sine kunnskapar.

  • I yrke som for eksempel advokat, rekneskapsførar og ingeniør er det kunnskapen til dei tilsette som utgjer verdiane.
  • I eit apotek utgjer varelageret ein stor del av verdiane. I ein fiskekakefabrikk er det – i tillegg til oppskrifta – råvarer og maskinar som utgjer mykje av verdiane.
  • For ein bonde er kornåkeren av stor verdi.
  • For ein yrkessjåfør er lastebilen svært verdfull.

Å sikre desse verdiane vil seie å verne dei mot uønskte eller uventa hendingar som brann, tjuveri eller sabotasje.

Ser vi på «verdilista» ovanfor, kan vi konkret ta vare på verdiane ved for eksempel

  • å sikre pc-ane til dei tilsette
  • å passe på at dører og vindauge ikkje kan øydeleggjast slik at medisinar blir stolne eller øydelagde
  • å oppbevare fiskekakeoppskrifta på ein trygg stad og installere brannvarslar i fabrikken
  • å vatne kornåkeren
  • å forsikre lastebilen og passe på at han er inne til service med jamne mellomrom
CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.05.2018

Læringsressursar

Sikkerheit på arbeidsplassen