Fagstoff

Blomsterdekoratør

Publisert: 10.01.2012, Oppdatert: 04.03.2017
Blomsterbinding

Blomsterdekoratøren er ein kreativ handverkar som lagar bukettar og dekorasjonar til mange ulike høve. Dei fleste blomsterdekoratørane arbeider i ei blomsterforretning med mykje kunderettleiing. Derfor kan også gode kommunikasjonsevner og sans for sal og service vere viktige eigenskapar for ein dyktig blomsterdekoratør. Men sjølve grunnlaget for å trivast i yrket er at du liker å arbeide med form, fargar og komposisjon.

Blomstar utgjer ein viktig del i mange store hendingar i eit menneskeliv. Frå barnedåp og bryllaup til jubileum og gravferd. Til små og store høve. Blomsterdekoratørens produkt skal passe inn i svært ulike samanhengar. Det er derfor viktig at ein blomsterdekoratør kjenner koden for den situasjonen blomstrane skal brukast i. Det er også viktig at han eller ho kjenner dei symbola ulik bruk av blomstrar og plantar representerer i ulike kulturar. Blomsterdekoratøren må også ta stilling til ein stadig skiftande marknad når det gjeld trendar i samfunnet.
Blomsterdame
Leverandør: NRK

Til blomsterdekoratørens arbeid høyrer også planlegging og bestilling av varer, og evne til å planleggje, dokumentere og vurdere eige arbeid. Arbeidssituasjonen vil som oftast også omfatte sal og marknadsføring av produkt og tenester. Evne til å lage skisseteikningar kan vere viktig fordi slike ofte blir ofte nytta i kommunikasjonen med ulike kundar. Særleg i større dekorasjonsoppdrag der blomsterdekoratøren ofte samarbeider med arkitektar, brudesalongar og frisørar, kan dette vere nyttig. Å prøvedekorere eit rom er som oftast ikkje mogeleg. Då blir skisser og notat viktige for å unngå å bli misforstått.

BLOMSTERDEKORATØR (KORT)
Leverandør: NRK
  

Ein av dei som har drive det svært langt innanfor faget er Stein Are Hansen, som til dagleg driv Blomst af Hansen i Oslo. Stein Are Hansen er fødd på Svalbard, men har hatt mykje av  oppveksten sin i Sauherad i Telemark. Her kan du sjølv møte han under arbeid i forretninga i Ullevålsveien. Vil du se ein lengre versjon, finn du den i høyremargen.

BLOMSTERDEKORATØR (LANG)
Leverandør: NRK
 

Sidan Stein Are Hansen blei ferdig utdanna blomsterdekoratør i 1994, har han vunne ei rekkje konkurransar, både som junior og senior. Han er fem gonger noregsmeister, nordisk meister og har ein bronsemedalje frå EM før han blei verdsmeister i 2010. Hausten 2010 blei han tildelt utmerkinga Årets gulleple i Gvarv.

Verdsmeisterskapen i blomsterdekorering blir arrangert kvart fjerde år, og i 2010 var det VM i Shanghai. Meisterskapen går over tre dagar, og består av seks ulike oppgåver. Til tre av desse er det mogeleg å førebu seg. Vi kan nærmast seie at det er sjølvvalde oppgåver. Dei tre andre oppgåvene blir likevel gitt der og då, og deltakarane må løyse utfordringane på sparket med dei hjelpemiddel som er tilgjengelege.

Blomsterdekoratøren må ha gode kunnskapar i botanikk. Det finsteit vell av blomstrar og planter å velje mellom. Dessutan bruker blomsterdekoratøren også ofte andre materialar som for eksempel metalltråd, vasar, urner, bollar, osv. Kniv og tang er blomsterdekoratørens viktigaste handverktøy. Godt handlag, kreativitet og fantasi er dei viktigaste eigenskapane for deg som vil bli blomsterdekoratør. Fargar  blir brukte bevisst av blomsterdekoratøren for å oppnå flater, djupn, volum og balanse i blomsterdekorasjonen. Å kjenne Ittens tolvdelte fargesirkel med dei sju kontrastane er derfor nødvendig kunnskap.

blomster fra Botanisk hage i København.foto.Fra Botanisk hage, København  

fargesirkelIttens fargesirkel
Opphavsmann: Ukjent

Etter Design og håndverk Vg1 kan du ta utdanning som Blomsterdekoratør på skole Vg2, og deretter et tredje år Vg3 som Blomsterdekoratør i bedrift. Alternativt kan du i et tredje studieår ta påbygging til generell studiekompetanse.