Hopp til innhald

Fagstoff

Fysisk sikring av data

Serverrom
Opne bilete i eit nytt vindauge

Data må sikrast fysisk slik at dei ikkje går tapt i for eksempel ein brann, ein flaum eller kjem på avvegar fordi datamaskinen blir stolen.

Med fysisk sikring meiner vi vern av datautstyret mot fysisk skade. Det kan vere alt frå brann og vass-skadar til tjuveri, hærverk eller sabotasje.

Ein datamaskin er eit tiltalande bytte for ein innbrotstjuv. I ei bedrift skaper derimot ikkje tjuveri av ein vanleg datamaskin så store problem at maskinen må sikrast mot tjuveri på annan måte enn det ein elles gjer med verdfullt utstyr som videokamera, stereoutstyr og tv-ar. Føresetnaden er likevel at maskinen er passordverna, og at det finst ein reservekopi av alle data og viktige program.

Datamaskinar som har spesielle oppgåver, og som ikkje så enkelt kan avløysast av andre maskinar om dei blir skadde, krev ofte ekstra vern. Eksempel på slike maskinar er nettverkstenarar. Krava til fysisk sikring er her større fordi konsekvensane av ein skade eller eit tjuveri er mykje meir alvorlege for verksemda.

Det er derfor vanleg å plassere slike maskinar i rom som kan sikrast på forsvarleg måte. Ofte bruker ein kodelås eller tidslås på døra. Eigen brannalarm og automatisk utstyr til å sløkkje brann kan også vere aktuelt. Større bedrifter har gjerne eigne datarom der det òg går an å kontrollere temperaturen og dempe statisk elektrisitet.

Avbrotsfri straumforsyning

Datamaskinar treng straum for å fungere, og eit uventa straumbrot kan skape store problem for ei verksemd der det er eit krav at datamaskinane fungerer heile tida, for eksempel nettbutikkar. I tillegg kan eit straumbrot føre til at data som enno ikkje er fysisk lagra, blir borte slik at bestillingar av billettar, hotellreservasjonar, varer o.a. ikkje blir registrerte.

For å løyse dette problemet kan vi installere ei avbrotsfri straumforsyning. Det er rett og slett eit batteri som blir kopla mellom datamaskinen og straumtilførsla. Datamaskinen får no straum frå batteriet, som i sin tur blir ladd opp frå den vanlege straumtilførsla.

Skulle straumen bli borte, vil datamaskinen framleis få straum frå batteriet. Når straumen kjem attende, blir batteriet ladd opp på nytt. Jamvel om straumbrotet skulle bli langvarig, får vi høve til å lagre alle data før batteriet er tomt.

Avbrotsfrie straumforsyningar løyser også eit anna problem. Mange av komponentane i datamaskinen er vare for variasjonar i straumstyrken. Eit uventa straumsjokk, for eksempel eit lynnedslag, kan øydeleggje maskinen. Ei god avbrotsfri straumforsyning passar på at datamaskinen heile tida får jamn straumstyrke og spenning.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.11.2017

Læringsressursar

Datasikring