Hopp til innhald

Fagstoff

Antivirus

Eit datavirus er eit program som får pc-en din til å gjere noko uønskt. Eit antivirusprogram hjelper deg med å hindre at dataviruset tek kontroll over pc-en.
Illustrasjon av virusvarsel
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er datavirus?

Innhaldet i ordet datavirus har etter kvart vorte nokså utvatna. I dag bruker vi gjerne ordet om alle slags program som gjer noko uønskt. Trass i at ekspertane skiltar med mange ulike kategoriar av datavirus, er det ikkje nødvendig å ha detaljkunnskapar om dette for å kunne sikre seg på ein fornuftig måte.

For praktiske formål kan vi definere datavirus som eit program som får datamaskinen din til å gjere noko uønskt utan at du har bede om det, ofte også utan at du er klar over det.

På same måten som det er stor skilnad på kor alvorleg sjukdom vi får når vi blir smitta av eit vanleg virus, er det også stor skilnad på den skaden ulike datavirus gjer.

For å gå vidare med samanlikninga kan vi seie at nokre virus berre gir lett krimsjuke, mens dei verste kan vere livstrugande.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.11.2017

Læringsressursar

Datasikring