Hopp til innhald

Fagstoff

Reservekopiering

Sikkerhetskopiering
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reservekopiering er den einaste fullgode måten vi kan sikre oss mot tap av data på.

For ei bedrift kan tap av viktige data ha store konsekvensar. Å ha kopiar er den einaste måten vi kan vere sikre på at vi ikkje mister data.

Tap av data kan skje på fleire måtar:

  • Lagringsmediet går sundt, for eksempel ein harddisk som sluttar å verke.
  • Vi kan miste lagringsmediet, for eksempel ein minnepinne som blir borte.
  • Vi kan slette data ved eit uhell.
  • Vi gløymer å lagre data som vi jobbar med.
  • Datamaskinen blir stolen eller øydelagd i brann eller flaum.
  • Datamaskinen blir infisert av eit datavirus.

Sidan vi aldri veit når uhellet kan vere ute, må bedrifta alltid ha kopiar av viktige data. Det må altså vere rutinar som sikrar at det blir teke kopiar, og at kopiane blir oppbevarte trygt.

Reservekopiering kan skje til alle slags lagringsmedium. Kva for eit medium vi vel å bruke, heng saman med kor store datamengder vi skal kopiere. Gjeld det ei lita datamengda, kan det vere nok å ta kopi til ein minnepinne eller ein liten berbar harddisk. Til større datamengder finst det eige utstyr som kan lagre data på band.

Ein annan utveg er å ta reservekopi over Internett. Då blir data kopierte på nettet til ein påliteleg datamaskin hos eit selskap som har spesialisert seg på slike tenester.

Reservekopiane må oppbevarast trygt

Det er liten vits i å ha reservekopiar dersom dei kjem til skade i det same uhellet som dei opphavlege data dei er kopiar av.

Dersom ein bygning brenn eller datautstyret blir stole, må reservekopiane vere på ein trygg stad. Mange bedrifter vel derfor å leggje reservekopiane i eit brannsikkert skap, oppbevare dei i ein annan bygning eller ta dei med heim.

Det siste er nok ikkje heilt trygt sidan det er større sjanse for at data kjem på avvegar når reservekopiane blir frakta til og frå arbeidsplassen.

Ei god løysing er sjølvsagt reservekopiering over Internett. Då vil kopiane alltid vere på ein trygg stad.

Relatert innhald

I moderne bedrifter ligg store verdiar lagra i form av data. Korleis sikre denne informasjonen? Les meir om dette her.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.11.2017

Læringsressursar

Datasikring