Hopp til innhald

Fagstoff

Kva kan gå gale?

Det er mykje som kan gå gale med ein datamaskin, men eigentleg er det berre to ting vi treng passe på: at vi ikkje mister viktige data, og at data ikkje blir stolne.
Hacking
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi snakkar om datasikring, er det i utgangspunktet to ting som kan gå gale, og som vi må verne oss mot:

  • Vi kan miste data.
  • Data kan bli stolne.

Merk at når vi seier data, meiner vi informasjon og ikkje den fysiske datamaskinen. For ei bedrift kan informasjonen som er lagra på ein datamaskin, vere mykje meir verd enn sjølve maskinen.

Dersom ein datamaskin går sund eller blir stolen, er det til vanleg nokså enkelt å skaffe både ny maskin og nye program som gjer same nytten. Men data som ligg lagra i maskinen, kan utgjere fleire års arbeid og i somme høve vere umistelege.

Det kan vere rekneskap, budsjett, kunderegister, ordrar, fakturaer eller anna som verksemda er heilt avhengig av. Det finst faktisk eksempel på verksemder som har gått konkurs på grunn av datatap.

Tjuveri av data kan vere svært alvorleg. Det kan gå ut over både verksemda og kundane om for eksempel eit kunderegister som inneheld kontonummer eller annan personinformasjon, kjem på avvegar.

Det er ein av grunnane til at vi har personopplysningslova. Ho set strenge krav til korleis data om privatpersonar skal sikrast.

Eit datatjuveri kan vere vanskelig å oppdage fordi vi ikkje kan sjå at data er kopierte frå ein maskin eller eit lagringsmedium.Store mengder data kan derfor bli stolne over lang tid utan at nokon får mistanke.

Tenk over

  1. Kva kan bli konsekvensane dersom eit stort hotell mister oversikta over alle reservasjonane?
  2. Kva kan bli konsekvensane dersom ei bedrift mister oversikta over alle varene dei har på lager?
  3. Kva kan bli konsekvensane dersom eit kunderegister med kontoinformasjon om kundane blir stole?

Relatert innhald

Dersom vi mister viktige data, eller data blir stolne, kva er konsekvensane?

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.11.2017

Læringsressursar

Datasikring