Hopp til innhald

Fagstoff

Natur og kultur

Mange turister søker opplevelser innenfor lokal natur og kultur. Her lærer du mer om hva som menes med begrepene kulturturisme, økoturisme og geoturisme.
Bilde fra fiskteur ved Florø
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange turistar søkjer opplevingar innanfor lokal natur og kultur. Her lærer du meir om kva vi meiner med omgrepa kulturturisme, økoturisme og geoturisme.

Ut på tur

«Jeg gikk en tur på stien og søkte skogens ro», heiter det i songen. Alternativa er mange når det gjeld å finne roa og freden i naturen: friluftsliv, jakt og fiske, fottur, segling, roleg sjøliv, hytteliv på fjellet og ved sjøen.

Jakt- og fisketurar til spennande villmarksområde har lenge vore populært. Etter kvart har vi fått mange former for naturturisme.

GodTur.no kan du studere og skrive ut flotte turkart over heile Noreg. GodTur.no er eit samarbeid mellom Friluftsrådenes Landsforbund og Statskog.

Den Norske Turistforening - logo


Den Norske Turistforening (DNT) er den største friluftsorganisasjonen i landet. Den raude T-en til DNT er velkjend for norske fotturistar – langs DNT sine sommar- og vinterruter.

Friluftsliv for alle

Turplanleggjaren for heile Noreg, UT.no, er eit samarbeid mellom Den Norske Turistforening og NRK.

Kva er kulturturisme?

Kulturturisme blir rekna som motstykket til masseturisme med soling og bading. Kulturturisten ønskjer kontakt med lokale menneske og oppsøkjer mellom anna museum og kulturinstitusjonar. Weekendbesøk til ein storby er ein typisk aktivitet for kulturturisten.

Den Norske Opera - Oslo
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kultur- og naturturisme vandrar ofte hand i hand. Etter kvart har det komme mange former for turisme som legg vekt på natur og kultur, til dømes økoturisme, geoturisme, grøn turisme – og også gardsturisme og bygdeturisme.

Økoturisme

Økoturisme har som mål at turismen ikkje skal påverke natur eller kult ur negativt.Noreg har naturgitte vilkår for reiseliv basert på miljøopplevingar. I 2004 kåra magasinet «National Geographic Traveler» dei norske fjordane til det beste naturbaserte reisemålet i verda, mellom anna framfor Yellowstone nasjonalpark i USA og Krügerparken i Sør-Afrika.

Økoturisme er givande natur- og kulturopplevingar som er tilrettelagde av reiselivsbedrifter med omsorg for gjestene, miljøet og det lokalsamfunnet dei er ein del av.

Resirkulering, gjenbruk og størst mogleg reduksjon av forbruket er viktige sider ved økoturismen. Norsk økoturisme byggjer på FN-prinsippa. Bedriftene i Noreg som tilbyr økoturisme, er samla i eit nettverk administrert av Innovasjon Norge.

Geoturisme

Geoturismen legg vekt på å framheve det lokale særpreget ved ein stad, og nemninga blir brukt om alt som gjer staden unik. Det kan vere plante- og dyreliv (flora og fauna), historie, vakkert landskap, tradisjonell arkitektur, lokal kultur og mat. Som eit av dei første landa i verda har Noreg forplikta seg til å satse på geoturisme.

I geoturismen er det viktig

å framheve det lokale særpreget (les meir...)

Tanken er å utvikle og forbetre staden på ein slik måte at lokalmiljøet speglar av og byggjer opp under lokal natur og kulturarv, fremmar lokal tilknyting og viser dei unike særmerka ved staden i marknadsføringa.

å engasjere lokalmiljøet (les meir...)

Det er eit viktig aspekt å nytte seg av dei lokale kreftene, stimulere lokale føretak og grupper til å byggje partnarskap tufta på lokalt særpreg og eigenart, og marknadsføre dette utetter. Ein ønskjer også å stimulere til prosjektutvikling som er forankra i den lokale naturen, historia og kulturen, medrekna kulinariske tradisjonar, brukskunst, biletkunst og annan utøvande kunst.

å bevare ressursar (les meir...)

Ein arbeider for å støtte føretak og tiltak som reduserer unødig energibruk, og ein søkjer å redusere miljøforureining – inkludert støy, visuell forsøpling i form av uestetisk skilting, belysning og så bortetter. Eit viktig ledd i arbeidet er å kommunisere ut slike tiltak for å appellere til miljøbevisste turistar.

å arbeide med formidling og historieforteljing (les meir...)

I geoturismen motiverer ein både fastbuande og gjester til å lære meir om staden. Ein søkjer å finne måtar å gi lokale krefter høve til å vise fram naturattraksjonar og kulturarv, både for å styrkje opplevinga for turisten og for å forsterke tilknytinga til og kunnskapane om reisemålet for bygdefolket.

Relatert innhald

Vi kan ha stor nytte og glede av å planleggje ein ferietur. Her skal vi øve oss i å bruke kart og annan tilgjengeleg informasjon om reisemål.

Før store passasjerfly gjorde det mogleg å frakte mange turistar til populære reisemål, gjekk pakketurane med buss.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 22.11.2017

Læringsressursar

Reiseliv