Fagstoff

Økonomi og rekneskap

Publisert: 09.11.2011, Oppdatert: 08.11.2013

Når ein startar ei ungdomsbedrift vil målet vere å tjene litt pengar og ikkje tape dei. Bedrifta sin økonomi seier seg sjølv er veldig viktig.

I UB løypa til Ungt Entreprenørskap (lenkjesamling) står det blant anna at: «Økonomien i en ungdomsbedrift handler hovedsakelig om kalkulasjon, budsjettering og regnskap. I oppstarten er det viktig å skaffe penger til ungdomsbedriften. Å sette opp et budsjett, kalkulere inntekter / utgifter er også en viktig oppgave i starten. Underveis i driften må dere føre regnskap og til slutt gjengi et korrekt regnskap over bedriftens virksomhet gjennom skoleåret».

Styringa av økonomien til ei bedrift baserer seg på to grunnleggjande føresetnader: for det første at det finst ein realistisk plan for verksemda som er nedfelt i eit budsjett. I denne første fasen inngår også produktkalkylen som viser dekningsbidrag per selde eining. I startfasen må en også rekne ut kapitalbehovet for verksemda. Det er kor mykje pengar som må til før verksemda går i balanse, det vil seie at inntektene er like store eller større enn dei løpande utgiftene. I tillegg til å lage eit årsbudsjett som viser korleis det økonomiske resultatet er venta å bli heile året sett under eitt, er det fornuftig også å setje opp eit likviditetsbudsjett som viser pengestraumen utrekna for kvar månad. Dersom alle kostnadene kjem i dei første elleve månadene av året og alle inntektene i den tolvte og siste månaden, blir kapitalbehovet stort.

Den andre grunnleggjande føresetnaden er at sjølve rekneskapsarbeidet blir utført på ein ryddig og korrekt måte. Juryen for utdeling av prisane for beste rekneskap hadde formulert kriteria for tildelinga slik: ”Bilagshandtering, god oversikt i rekneskapsmaterialet, kasse- og kontantregistrering og sluttrekneskap.” Juryen hadde altså først og fremst lagt vekt på sjølve rekneskapsarbeidet og i mindre grad sett på budsjettfasen av økonomiprosessen. Men som vi skal sjå, hadde i alle fall vinnaren av prisen for beste rekneskap også god orden på dette.

 

På nettet kan ein finne mange eksempel på korleis føre eit rekneskap. I lenkjesamlinga kan ein lese meir om rekneskap i Skatteetaten sitt hefte "Økonomi og regnskap".

 

Relatert innhald

Generelt