Fagstoff

Marknadsføring og sal

Publisert: 09.11.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Utan eit produkt som kan seljast eller ei teneste det er etterspørsel etter, er det vanskeleg å drive marknadsføring og sal. Tidlegare har vi sett korleis ulike ungdomsbedrifter har utvikla produkta og tenestene sine. Her skal vi sjå nærmare på korleis ein med ein god forretningsidé kan gjere dei riktige konkrete grepa med omsyn til praktisk marknadsføring og sal.

I NM er det separate konkurransar for beste logo, beste brosjyre, beste utstilling, beste nettside, beste reklamefilm og beste seljar.

Logo

Ein logotype er eit viktig og grunnleggjande element i den praktiske marknadsføringa. Når det gjeld firmaet, skal han gi uttrykk for forretningsideen. Når det gjeld det enkelte produktet, skal han formidle gjenkjenning og invitere til kjøp.Nedanfor kan du sjå bilete og lese om nokre logoar som gjorde det bra på NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm i 2010.

Multibox UB

Multibox UB frå Drammen vgs i Buskerud var vinnaren avMultibox UBMultibox UB fra Drammen vgs sin logo beste logo. Om denne logoen skreiv juryen: ”Vinnarlogoen gir meirverdi til produktet gjennom si særdeles sterke og overtydande form. Han er vakker i fargar, han står sterkt i svart, og han kan opplevast faktisk som lik, sjølv om han opptrer forskjellig. Han er elegant idémessig: Forma er ein boks som ein kan putte innhald inn i, akkurat som produktet.”

ThinkZebra UB

ThinkZebra UBThinkZebra UB fra Gausdal vgs sin logoPå andreplass i logokonkurransen kom ThinkZebra UB frå Gausdal vgs i Oppland. ”Denne ungdomsbedrifta har lykkast med å skape interesse med sitt blikkfang av ein logo – han står ut som annleis og sjølvsikker. Sterk visuell identitet passar jo ekstra godt til ei kommunikasjonsbedrift – som, når dei høyrer lyden av hovslag, ikkje tenkjer hest, men zebra!”

 

Brosjyre

Ei brosjyre blir laga for å presentere produktet med informasjon og bilete. Format, komposisjon og layout vil ha mykje å seie for sluttproduktet.

Cover!t UB

Ein jury formulerte Cover!t UB frå Kristiansund vgs sitt Cover It UBCover!t UB fra Kristiansund vgs sin logovinnarprodukt på denne måten:  ”Brosjyren viser fram eit produkt som kan ha potensial som tillegg til produkt som er i sterk vekst. Den formidlar på ein framifrå måte kva det dreier seg om og viser fint fram produkta.” Deira produkt er ein oppbevaringsløysing for mobiltelefonar i ulike fargar til kr. 149,-. 

 

Utstilling

Under fylkesmessene og NM må kvar ungdomsbedrift ha si utstilling. Dei får tildelt eit bestemt område, der ungdomsbedriftene skal presentere sitt produkt eller tjeneste på best mogleg måte. Utstillinga er noko juryen vil sjå, men óg besøkande og dei andre ungdomsbedriftene.

iFeed UB

Vinnaren i klassen for beste utstilling blei iFeed UB frå Elverum vgs i Hedmark. Namnet på ungdomsbedrifta forklarer det meste av formålet: Initiative For Economic and Environmental Development. Juryen vurderte iFeeds stand slik: ”Utforminga av standen gir eit heilskapleg inntrykk av produkt og bedriftsidé. Val av materiala på standen gjenspeglar også det miljømedvitet og det samfunnsansvaret som bedrifta har. Visuelt skil standen seg ut. Bedrifta verkar svært engasjert, med mykje god produktkunnskap, og dei viste eit klart teikn på godt samarbeid.”

Vi let nokre av dei tilsette i iFeed UB presentere bedrifta, og samtidig får vi eit visst inntrykk av korleis den utstillinga dei fekk førsteprisen for tok seg ut.

iFeed Ub fra Eleverum vgs  

Webside

Skal ungdomsbedriftene lage seg ei webside, er det mykje som må tenkast gjennom. Den burde presentere innhaldet oversiktleg, og det burde vere enkelt å navigere seg fram på sida. Ein må tenke nøye gjennom val av fargar, bilete, layout og liknande.

Jiffy UB

Jiffy UB frå Randaberg vgs i Rogaland vann i 2010 med si heimeside. Dette var juryens vurdering: ”Nettstaden som møter oss er frisk og innbydande og gjer at vi har lyst til å bruke bedrifta. Han gir raskt ei oversikt over kva bedrifta kan levere av tenester. Bra med søkjefunksjonen mot Google, men synd denne ikkje fungerer optimalt i Internet Explorer. Vi let oss imponere over tilrettelegging for iPhone! Ein enkel og gjennomførd layout fører til ein intuitiv nettstad som er lett å navigere i.”

Reklamefilm

På NM var det også ein konkurranse som skulle kåre den beste reklamefilmen blant ungdomsbedriftene. Denne kan på ein kreativ og innbydande måte presentere og selge produktet. Denne ble vunnen av REClame UB frå Akademiet vgs i Bergen. Som for nettsidene kan du sjølv vurdere resultatet av eigenreklamen deira ved å klikke på lenkja i høgremargen. Og her er juryen si grunngiving: ”Juryen blei imponert over kvaliteten på produksjonen og filmen si evne til å kommunisere ein nokså kjedeleg bodskap på ein annleis måte. Det blir brukt kanskje i overkant mange forskjellige grep, men skrekkfilmpreget saman med høg teknisk kvalitet gjer dette til årets vinnar.”

Seljar

Same kor flott logo vi lagar, eller kor knallgod brosjyren er, eller kor informativ nettstad eller kul reklamefilm, så er det måten den enkelte representanten for ungdomsbedrifta formidlar forretningsideen og fordelane ved det produktet på, eller den tenesta bedrifta tilbyr til potensielle kundar som er avgjerande for eit vellykka resultat.