Fagstoff

Lønnsemd og fornying

Publisert: 08.11.2011, Oppdatert: 04.03.2017

For dei fleste som går med planar om å etablere eiga forretningsverksemd er det viktig å vere nyskapande. Å finne fram til eit produkt eller ei teneste som det er eit stort behov for i marknaden og som andre ikkje allereie har komme på å utvikle, er eit godt utgangspunkt.

I NM for ungdomsbedrifter i 2010 var det ein eigen pris for den bedrifta juryen meiner har det største verdiskapingspotensialet, den såkalla Ferdprisen.

Headband Future UB

Headband UBHeadband Future UB fra Sortland vgsHeadband Future UB er tatt med her for å vise eit eksempel på lønnsemd og fornying. Denne ungdomsbedrifta vann Ferdprisen i NM i 2010. Headband Future UB har formulert forretningsideen sin slik: "Headband Future UB produserer og leverer hovudband med innebygd teknologi til dei som er aktivitet i kaldare miljø." Sjølve produktet dei har utvikla beskriv dei på følgjande måte: "Headband Future UB har utvikla eit panneband med innebygde høgtalarar som gjer bruk av bluetooth-teknologi for å streame musikk frå ein mp3-spiller eller ein mobiltelefon. Gjennom eit samarbeid med Aloha Hemp/Mokaii skal vi få produsert sjølve pannebanda. Dei leverer panneband av svært høg kvalitet som er utprøvd og kjend på marknaden frå før. Free2Move skal levere teknologien som vi treng for å få eit best mogeleg resultat både lydmessig og praktisk. Dei vil levere høgtalarar og ein bluetoothmottakar som skal liggje i pannebandet i tillegg til ein bluetoothdongle (sendar) med ein 3,5 millimeter 'jack' for å setje i ein mp3-spelar."

Entreprenørane bak Headband Future UB legg lista svært høgt for verksemda si. Dei har vore i kontakt med ei rekkje internasjonale bedrifter for å selje ideen. Nokia kunne berre tilby bluetooth-teknologi, Koss kunne berre levere høyretelefonar, mens Sennheiser og Acte ikkje kunne levere ein teknologi etter Sortland-elevane sine spesifikasjonar. Aloha Hemp er av dei mest kjende produsentane av panneband i Noreg, og Headband Future UB kom i kontakt med dei tidleg i prosessen.  Saman kontakta dei den svenske teknologibedrifta Free2move AB, som har spesialisert seg på å utvikle trådlause produkt baserte på Bluetoth-teknologi. Produksjonen av pannebanda vil skje i Shanghai. Dei blir sende derifrå til Estland, der høgtalarar og bluetoothmottakar vil bli monterte inn og produktet emballert klart for sal til forbrukar.

Juryen for Ferdprisen har følgjande grunngiving for å tildele førsteprisen til Headband Future UB: ”Denne ungdomsbedrifta har skapt eit nytt og innovativt produkt basert på eksisterande teknologi i ei ny samansetning. Dei har knytt til seg gode samarbeidspartnarar som har gjort det mogeleg å produsere ein prototype. Dei har også inngått samarbeid med Aloha Hemp, som produserer og sel panneband. Pannebandet vil også bli selt gjennom andre distributørar og sportsforretningar, noko som viser at dei har ein klar og realistisk veg til marknaden. Dei har ei handlekraftig og dyktig leiing som har vist god forretningssans. Dei har også komme langt i å skaffe tilstrekkeleg finansiering. Alt i alt ser vi eit klart potensial for denne ungdomsbedrifta.”

Headband UBHeadband Future UB fra Sortland vgs