Fagstoff

Forretningsplan

Publisert: 09.11.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Globand UBEin forretningsplan skal ha ei framside med bestemt informasjon. Disposisjonen til denne finn du i UB løypen. Her er ei framside laga av Globand UB frå Drammen vgs.Forretningsplanen er eit viktig dokument som det lønner seg å leggje mykje arbeid i før ein går i gang med produksjon og marknadsføring. Planen skal beskrive forretningsideen for ungdomsbedrifta, korleis marknaden for produktet eller tenesta ser ut, og i størst mogeleg grad korleis det produktet eller den tenesta de vil starte opp med skal vere.

Det blir gjerne sagt at sjølve prosessen med å skrive planen ofte kan vere viktigare enn det ferdige resultatet. Mange ungdomsbedrifter har under arbeidet med forretningsplanen skrinlagt den opphavlege ideen og funne ein ny forretningsidé som dei har større tru på.

De kan finne fleire utkast til disposisjonar for ein forretningsplan på nettet. Dokumentet er så viktig at det i NM for ungdomsbedrifter er ei eiga premiering av beste forretningsplan. I menyen (sjå lenkje) kan du følge UB løypa til Ungt Entreprenørskap (ue.no). I den kan du finne forslag til disposisjon av forretningsplanen, og nokre eksempel på forretningsplanar som er laga av tidligare ungdomsbedrifter. I tillegg er der mykje anna viktig stoff som ein har bruk for når ein skal etablere ei ungdomsbedrift.

Visjon

Ein gjennomarbeidd forretningsplan skal ha både visjon og forretningsidé for bedrifta. Ofte er det lett å blande saman desse omgrepa. Visjonen er til for liksom å kvelve ein litt høgare himmel over verksemda. Det kan vere motiverande for medarbeidarane når dei daglege problema tårnar seg opp. Visjonen skal peike framover og vere styrande for målsetjings- og strategiformuleringar. Og det er ein fordel at han er kortfatta, slik at alle tilsette kan "ha han på tunga".

Eit eksempel på ein god visjon: Globand UB frå Drammen vgs seier følgjande: "Vi knyter band for ei betre framtid." Og dei sel armband produserte av ei ungdomsbedrift i Kampala med fokus på rettferdig handel, dessutan går overskotet til eit treplantingsprosjekt i Uganda.

Forretningsidé

Forretningsideen for bedrifta skal på ein kortfatta og inspirerande måte fortelje kva som skal produserast eller kva tenester som skal ytast. Også her er nok problemet for mange av ungdomsbedriftene som deltok i NM at dei tek med alt for mykje når forretningsideen skal formulerast.

Eit eksempel på ein god forretningsidé: Headband Future UB frå Sortland vgs seier følgjande: "Headband Future UB produserer og leverer hovudband med innebygd teknologi til dei som er i aktivitet i kaldare miljø." Og produktet er eit panneband med innebygde høgtalarar som trådlaust kan streame musikk frå ein mp3-spiller eller mobiltelefon ved hjelp av bluetooth-teknologi.

Headband UBHeadband Future UB frå Sortland vgs har her laga ein plakat og presentert sin forretningsidé. 

Relatert innhald

Aktuelt stoff for