Fagstoff

Kva skal vi finne på?

Publisert: 08.11.2011, Oppdatert: 04.03.2017

Det er naturlegvis greitt å bestemme seg for å etablere ei ungdomsbedrift, og så begynne å tenkje på kva ein skal drive med, men som oftast vil det vere slik at den som startar ei ny verksemd, først har ein litt vag idé om noko.

Først kjem utforskinga av udekte behov i marknaden. Deretter dukkar det opp nokre idear om kva slags typar produkt eller tenester som kan utviklast for å dekkje dette behovet. Og først då er kanskje tida inne til å etablere ungdomsbedrifta.

Svært mange ungdomsbedrifter overlet sjølve produksjonen til andre. Særleg innanfor dei yrkesfaglege studieretningane meiner vi at det vil vere ein styrke om ungdomsbedrifta også står for produksjon av produktet eller tenesta sjølv. Det vil auke den faglege relevansen og gi konkret erfaring når det gjeld kva som er mogeleg og kva slags utfordringar du vil stå overfor når du er ferdig utdanna og kanskje vil etablere deg som sjølvstendig næringsdrivande.

NM for ungdomsbedrifter

Kvart år er det messer for ungdomsbedrifter i dei ulike fylka, og nokre heldige får vere med på NM for ungdomsbedrifter. Nedanfor er det presentert ei ungdomsbedrift frå eit NM i 2010, med elevar frå Design og handverk Vg1. Denne presentasjonen er tatt med her for å vise dei ulike sidene ein jobbar med i ei ungdomsbedrift.

Ameli UB

Ameli UBAmeli UB bokbind

Seks jenter frå Design og handverk Vg1 ved Borgund vgs hadde gått saman om å lage bokomslag i stretchstoff. Alle som ved starten av eit skoleår har slite med å setje vareomslag på alle skolebøkene som skal brukast i løpet av året, veit kor krevjande den jobben er. Behovet i marknaden skulle derfor vere til stades. La oss høyre korleis personalsjef Karoline G. Gjerde og marknadssjef Camilla Hungnes Olsbø presenterte produktet for oss.

Jentene fortel at dei gjennomførde ei marknadsundersøking på skolen før dei gjekk i gang med prosjektet. Der spurde dei elevar og lærarar kva dei var villige til å betale for eit slikt produkt, og fastsette prisen ut frå resultata i undersøkinga. Utgiftene til innkjøp av stretchstoffet har dei fått dekt av sponsorar. Bokomslaga har dei sydd sjølve. Dermed blir alle salsinntekter nesten rein forteneste! Dei skriv i eit notat følgjande: ”Leiinga i bedrifta vår har pågangsmot, og vi står på for bedrifta vår. Vi hadde ikkje stått på så mykje om vi ikkje hadde likt det vi heldt på med. I bedrifta har det vore slik at vi ikkje har halde rollene våre sånn til punkt og prikke. Alle har medverka til arbeidet som skal gjerast, og vi har greidd å fordele arbeidet veldig bra, og alle har medverka like mykje.”

Karoline og Camilla fortel oss at Ameli betyr ’praktisk’ på tyrkisk. Og det er bakgrunnen for namnet Ameli UB. Dei andre deltakarane i prosjektet er dagleg leiar Rikke Nordby, Andrine Aa Solberg, Ingjerd Tranvåg og Marita Djupvik. Ameli UB har også laga ein lekker brosjyre som fortel om produktet deira. ”Lei av å leggje papir på bøkene?” er utgangspunktet. ”Då er produktet vårt tingen for deg. Ameli UB har utvikla eit enklare alternativ. Bokomslaga våre i stretchstoff er praktiske og ikkje minst økonomiske i lengda. Skulle bokomslaget ditt bli flekkete, kan du berre hive det i vaskemaskinen saman med alle kleda på 40 grader.” I brosjyren blir det vidare fortalt at bokomslaga kan skaffast i fargane lilla, svart, limegrøn og rosa. Og med bilde blir det forklart kor enkelt det er å setje stretchomslaget på bøkene. Det  blir  også argumentert med at produktet er eit miljøvennleg alternativ: ”Ameli UB- bokomslaga er ikkje berre enkle og praktiske, men også svært miljøvennlege. Stoffet vi brukar har god kvalitet og er veldig slitesterkt. Dette fører til at produktet kan brukast om og om igjen over lang tid. Ved å bruke desse i staden for å bruke papir, som berre blir kasta etter bruk, reddar vi også ein del av skogen. Stoffet er importert frå korte avstandar, og er elles 100 % handlaga. Dette fører til at vi sparer miljøet for unødvendig slitasje.”