Fagstoff

Ungdomsbedrift

Publisert: 09.11.2011, Oppdatert: 04.03.2017

På mange skolar har det blitt vanleg å tilby elevar som ønskjer det, å starte ungdomsbedrift innanfor ramma av skolen sitt undervisningstilbod. På Ungt Entreprenørskap sine nettsider står det blant anna at "Ungdomsbedrift er eit UE program som går ut på at elevar på den vidaregåande skulen registrerar, driftar og avviklar eigne bedrifter i løpet av eit skoleår. Forretningsidéane er mange og spenn frå tjenesteyting til produksjon og sal av produkt som dei har utvikla sjølv, eller produkt utvikla av andre".

Arbeid i skoletida

Det er viktig å understreke at ungdomsbedrifta er ein del av skolen sitt tilbod. Det er derfor ikkje nok at nokre venner berre går i gang på eiga hand. For at de skal kunne bruke av skoletida til å arbeide med ungdomsbedrifta, må skolen godkjenne prosjektet, og de må få med dykk ein kontaktlærar som står ansvarleg for at det de gjer ligg innanfor skolen sitt undervisningsopplegg.

Vi vil også anbefale å ta kontakt med Ungt Entreprenørskap (UE) i samband med etablering av ungdomsbedrift. Dette er ein ideell organisasjon som i samarbeid med skoleverket, næringslivet og andre aktørar ønskjer å medverke til å utvikle ungdommens kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv ved å arbeide i ungdomsbedrifter. UE er ein landsdekkjande organisasjon som gjennom JA-YE Europe samarbeider med søsterorganisasjonar i om lag 40 land i Europa. Du finn ei lenkje til organisasjonen si heimeside i høgremargen. UE arrangerer óg fylkesmeisterskap og Norgesmeisterskap for ungdomsbedrifter.

NM for ungdomsbedrifter

Nedanfor kan du sjå nokre av dei ungdomsbedriftene som konkurrerte om plassering i heile sytten forskjellige konkurransar i NM på Lillestrøm i 2010. Under filmane kan du lese meir om ungdomsbedrifter som var med i NM i 2011.


Carbon Design UB, Oslo

 Futteladder UB, Drammen

 

 

Relatert innhald